Hendt på Myklebust før og no.

 

Av Lauritz Aarsæther.

 

Vil skriva ned hendingar og historia frå gnr. 29. Myklebust og det namnet tyder stor bustad. Og slik garden ligg til midt i dalen var det naturleg  at der budde mange personar og var mykje aktivitet.

   Når me les i gamle skrifter og møtebøker ser me at det var i 1880-åra at ting byrja og melda seg, for då budde der personar som såg framover i tid. På kvar gard var husbonden borte ei tid av vinteren anten på fiskje ut i øyane eller, som dei sa,på Lofoten på trandamperi. 

 Vil no nemne ei par historier. Det var noko som plaga mange det var sjøsykja. Det heiter seg dei bar personen om bord i Ålesund og bar han i land i Lofoten. Når dei kom heim om våren hadde dei mangt å fortelja, som me gutungane sette stor pris på. Dei kunne fortelja om hårlusa som spaserte over hovudet i tusental.

   Når dei reiste nordover hadde dei med seg flesk, ball og blodpølse heimatt hadde dei med seg tran og fisk. Tran drakk dei or gryta. På turen var hurtigruta inn til Trondheim der ho var ein dag. Då var det dei som nytta høvet og la seg inn på hotell. Som sagdt så gjordt. Dei vakna i siste liten, og fekk knapt med tid. Då var det at han Henrik som var lang, og han Johan, som var ein god del kortare, delte rom. Det var han Johan som vakna fyrst, og han nytta sjangsen til å ha på seg brokji hans Henrik fyrst, og etterpå si eiga utanpå. Då Henrik vakna fann han ikkje brokja si, og lita tid hadde han til å leita. Då fekk han låna frakken hans Johan, men han var ikkje lang nok til å løyna underbroka. Johan gav Henrik då den råd å krøkja seg i knea med dei gjekk gjennom gatene, og som sagdt så gjordt.

    Det er fortaldt at gutane fram i Ola-garden, på Øye på turen heim var på byen, der fekk dei eiga på noko som dei kalla bil. Det var ei svart kasse med hjul på. Handbremsa var på utsida av bilen. Det er snakk om at dei betalte ei 400,-kr. for stasen. På Myklebust kom fyrste bilen i 1928, det var ein Ford, og den som kjøpte bilen og kom køyrande til gards det var han Nils Årsæter. Han sat på ei trekasse, der var ikkje hus på bilen. Det var han Pål-Laurits som laga, for han hadde eit lite snikkarverksted. Det var noko dei kalla Magnetstart, motoren var heller liten. Når me skulde opp Åsebrauta og der var ein mjølsekk for mykje då laut ein, som oftast, att om bilen  og skuva på, eller ein laut taka av ein sekk.

       Seinare i 1933 kjøpte Årsæter ein Fransk bil, ein 7 sætar, som heitte Shjandler. Det var noko dei kalla kallesje til tak, bilen var grønfarga.

       Det fyrste store lyftet på Myklebust var i 1896 då dei starta meieridrift i Follestaddalen. Det var Laurits Myklebust som gjorde opptaket til det, og det vart valdt eit styre der han var formann. Dei andre i styret var Nils Øye, Lars Rebbestad  og Iver Follestad. Meieridrifta vart starta i kjellaren i Sjur-garden i Oktober 1896. Berta Bardstad vart tilsett som meirske med ei månadsløn på 25.kr. Synneve Myklebust fekk jobben som prøvetakar med løn 30 øre for veka. Så i 1899 vart det vedtak om ein streng over elva ved  Likkjesætra so at dei kunne frakte mjølka over. So i 1901, om hausten, var meieribygget ferdigdt til bruk. Det var eit vinterhus som skulde brukast i vinterhalvåret. Det vart oppsett i Bø-garden der det var rikeleg med vatn. Eit tilbygg vart sett opp for å ha inn hestar, og så på loftet vart det laga til ein slags bustad.

     I 1937 vart meieridrifta i Follestaddalen lagdt ned og mjølka vart frakta til Ørstavik til meieriet der. Meieria på Myklebust og på Årsæter vart selde. Det på Myklebust til Ola  Øye og det på Årsæter til Anders Øyehaug, vil so nemna at han Olai Øyehaug kjøpte meieriet i Bardstadvik til hytte.

    Den fyrste skulen,for Follestaddalen, er sagdt at han starta i stova i Kolbein-garden og seinare i Laurits-garden før han kom på omgang. Like eins vart det starta eit handelslag for dalen der dei kjøpte og selde varer. Det var fyrst i Kolbein-buda.  Så flytte dei til kjellaren.   Seinare bygde dei handelen som står der enno. Stabburet eller buda, som fyrst var brukt, vart seld til ein mann på Stranda og oppsett i hagen hans. 

     Så tideleg som i 1917 vart Myklebust karane interessert i å nytte fjellelva til å bygge eit kraftverk. Det vart valdt eit styre og i tillegg laut alle vera med på dugnad. Største oppdraget var vasskumen på høgda og røyrgata. Ho var av stål med trerør på øvste delen. Me gutungane fekk i oppdrag å smørja røra med flytande bek me laga oss gruer til å varma eller smelta beken som me då smurde på røra. Det er meg fortaldt at han Andreas Halse bar ein sekk sement frå grinda til utmarka til vasskumen oppe på høgda i eit strekk det vil seia utan å kvile. Sekkane vog då i dei tider 50 kg.

  

 Då vil eg nemna, me sat og kvilde oss oppe på høgda. Det var på saueleiting om hausten. Han Halse var ein roleg og koseleg kar, var flink til å fortelje. Me borna sette stor pris på historiene hans. Då var det at han sa dei orda. Sei meg gutar kva er best når du set deg ned på ein stein, eller når du reiser deg oppatt. Det vart stilt ingen kunne svare han. Halse smilte lurt til slutt. Jau det er når du set deg ned og når du reiser deg oppatt. Me var alle einige. Andreas Halse kom til Myklebust  i 1889 som dreng 14 år gamal. Han kunne fortelja at han hadde senga i fjøsen om vinteren og låg der for der var det varmt og godt. Der hadde han også alle kleda sine. Han vart seinare gift med Guri.          

   Når julegrisen skulde slaktast laut grannen hjelpa til for grisen som dei slakta i dei dagar kunne ha ei vekt på ei 150 kg.  Der til var det ikkje skyting, heller ikkje brukte dei å slå.Han skulde berre stikkast. Det var å lata opp døra. Så var det å slenge sleden over grisen og alle mann oppå, så ved å lette på sleden kunne dei nå til for å stikke.    Vegen oppå fjellet vart rydd og jamna i  samband med bygging av kraftverket. Grunnen til det var at i Kolbein-garden fekk dei sjukdom som dei kalla skarlagensfeber. Der av var dei isolerte, som  dei sa, og laut vera for seg sjølve. Så på den måten var det dei å takka for fjellvegen vart så bra som han er no.Me gutane hadde som konkuranse å springa i kapp med mjølkespanna då me hadde det dei kalla løypestreng til å frakte mjølk frå fjellet då mjølkekyrne var der ein månads tid midt på sumaren. Det var både varmt og travelt å gå på fjellet å mjølke i solsteiken når sola stod på det høgste og dei hadde lita tid.  Der til måtte dei bere med seg mjølkespann. Så vil eg nemna kvister me brukte spanna til å bremsa på farta etter som spanna var tunge eller lette og der til var det vanskeleg nok å finna kvister.   

      Den fyrste tida på 1900-talet laut dei opp-på fjellet for å mjølke kyrne både kveld og morgon. Me kan inkje tenkje oss for eit slit det var for dei som laut gjera det arbeidet. So var det at dei bygde tre hytter opp-på Gamlegjerdet at med grova der var vatn nær ved og turr mark. Det var Heimi-gards-hytta, Nils-hytta og Frami-gards-hytta, seinare murane til Påla-hytta. So flytte dei til Frami-gards-hytta Nils og Laurits-folket og Påla. Der var 7 senger og ein liten ovn så der var opp til 10 personar som låg i hytta. Døra tok dei av hengslene og sette ho på tvert i opninga så om morgonen var det vanskeleg å koma seg ut då kyrne storma på for å verte mjølka. Dei var inkje gamle borna før dei laut vera med å hjelpe til med mjølking like eins å bera mjølk 8-9 år gamle. Når klokka nærma seg 6-7 då var det å stå opp. Så var det spørsmål om kyrne var å finne, eller ikkje. Tjukk skodde kunne ligga langdt ned, du såg ingen ting smått om klede og inkje å nemna sko, serleg under krigen, og fyrste tida etter.

      Ein fin sumardag i 19     var det at på Rebbestad såg dei mykje røyk og eld. Det var Frami-gards-hytta som brann ned, så då sætergjentene kom var der ingen ting at av hytta anna en, ovnen. At det gjekk so, med hytta, var eit stort sakn. Så var det å reisa ei ny.

 Dei vart samde om å setja oppatt hytta lenger oppe i dalen, og der til laga ein ny veg. Der vart plass til 7 senger, hytta står den dag i dag, og er open for alle som går turar.

      Ein ting som må nemnast det er Bjønnahytta. Det var ei hytte som var til for dei som skulle passe dyra for ulv og bjørn. Der var ein steingard rundt eit stort område, der dyra var om natta. Den siste bjørnen som vart skoten i Ørsta var i Bjørdalen i 1902. Like eins ein bjørn i Kolåsen i 1898 og ein med sjølvskot. Det heitest at så seint som i 1912 passa dei kyrne for ulv og bjørn opp på legå.

      I 1915 var skuleborna på skogplanting på Myklebust og planta det store plantefeltet. I ei bok står der skrive kr. 13. i vinarbrød til dei som planta. 1917 var det store året på Myklebust, for då byrja bygginga av kraftverket. Det tungste arbeidet var dynamoen den var det hestar som drog på steinslede. Historia om isolatoren som kom i ei stor kasse pakka i treull. Kassa vart opna ved handelslaget, og då var det at utor kassa kom der ei stor rotte som då var bedekt.

     Vatn var ein viktig faktor for å driva gardsbruk. Soleis var det at 5 kvernhus vart sette opp langs fjellelva. Pål og Sjur bygde eit nærast kraftverket. Så kom Nils og Laurits-kverna. Deretter kom Halse og Jo. Dei to siste var då Kolbein og Bø. Desse kvernhusa  var i bruk til ca. 1946, og dei fleste står enno det er berre Nils og Laurits-kvernhuset som er rive. No er det snakk om å setja det oppatt ved parkeringsplassen, som er planlagd, ved samfunnshuset og bedehuset. Kvernhuset har vore lagra i garasja til Revheim. Under krigen vart alle kvernhusa blomberte, Laurits Årsæter fekk i oppdrag å fylja lensmann Skodje, han var det som tredde strengen i blyklemma. Då var det han Skodje sa¨ Du må ikkje knipa for sterkt. Som sagdt tanken var god, for då var det å drage strengen or klemma og døra var opa og klar til maling.

     I grova som renn frå kvernhusa og vidare til ei renne var der laga til slik at vatnet drog  ein slipestein, som var til å slipe ljå m.m. Når kornet i Nils, Laurits, Jo og Halse-garden skulle truskast vart det laga til ei truskesnor frå kvernahjulet til slipesteinen. Det var ei lang snor, som dei hengde på trinser. Eg trur dei brukte vasskraft til ca. 1935. Han Laurits og han Nils Myklebust laga seg  ei kvern i tunet som dei brukte ein elektrisk motor for å male med kverna. Motoren var alle som eigde.Den motoren vart mest brukt til å saga ved.

      Handelslaget fekk knyta seg til kraftlaget på Myklebust i 1930 mot å betale kr. 20. for året. Det var berre til ljos. Det gamle verket vart rive, og eit nytt, litt lenger oppe i elva, vart bygdt i 1928. Då var det at me fekk 3 kilowatt kvar og det var store ting i dei dagar. Men det vart i minste laget når mjølkemaskina kom. Kraftverket førde med seg pliktarbeid. Slikt som pass kvar si veke. Det var eit ordtak dei kalla Påla-veka. Då var det ekstra dårleg ver, for oppe i inntakskumen var der ei rist, og om hausten var det at lauv la seg på den. Om vinteren var det anten is eller snøsurpe som la seg på. Det vart difor mange tunge turar oppå fjellet. Så i 19     var det me på  Myklebust la ned kraftverket.     Meir om handelslaget¨¨  Det vart lagdt under Ørsta Samvirkelag, men den gamle butikken står der enno som eit godt minne, og eit kjennemerke for dalen.

     Vil nemne eit godt minne. Det var som ein børs på butikken gamlekarane sat på ein benk, og under den var det hestesko. Og oppe på disken var det ljå, huskar at den måtte vera passeleg hard. Skulde han vera god då hogg han den eine mot den andre. I kråa ut om disken stod spyttebakken. Det var ein som vart nemd Mass-Anders han var ein klyppar til å treffa den.Det såg me gutungane på som underhaldning.        Meir om skule. Det vart bygd fast skule i Follestaddalen i 1901, seinare bygd fløy med ein liten bustad på loftet. Der vart sett opp ein liten fjøs med plass til ei mjølkekyr som lærar Årskog eigde. Der til eit stort vedahus med eit utedass.

        År 1984 vart skulen nedriven og brend. Ny skule vart då bygd og seinare utvida med  2 nye klasserom.

 So vart  det nye tider skulen vart for dyr til å driva der vart for lite med born i dalen. Så no år 2004-05. står skulen tom. Den som lever får sjå. Det vert kanskje flyktningar som får den til bustad.

       I 1895 vart Follestaddalens Ungdomslag starta. Det fyrste møtet var i Laurits-stova. Seinare vart dei haldne rundt om på gardane. Det var han Laurits Myklebust og han Karl Rebbestad som var dei som valde styre og sette laget i gong. Då skulen vart bygd vart det høve til å flytte inn der, til stor glede. Det var stor strid om plassering av skulen, men han vart bygd på Myklebust. Det var mykje dugnadsarbeid.

 Det var eit ordtak som kom frå Fyldalen, frå folket der, på grunn av striden¨¨ Hev dei berre ein hammar.

        På Myklebust vil dei æra for starten til eit Fotballag for dalen. Det var heim på Brautabakken dei samlast, nokre gutar der dei vart samde om at her skal me bygge ei Fotballbane. Det var ingen som spurde om lov,for der var utmark. Dagen etter var spade og trillebåre på plass, og arbeidet i gang. Men så vart det diskutert nye planar, det vart nemnd på Sjur og Påla-haugen. Vart så sett fram store planar¨¨me prøvar heim på Follestadflata, men den gang ei. Det var ei som vart kalla Mass-Ellen. Dei gutane som skulle forhandle om å få bygge bane der dei kom attende nesten både blå og gule. Så Fotballbana, som me brukte, i Kolbein-vadet var grei ho, men det var eit stort minus der var elv på meir enn ei side. Så der med for ballen mange gonger dit, og det var også rett som det var at mannen fekk seg eit ufrivillig rundkast  ut i elva.

      Ein søndag i 1936 eller 37 var det fotballkamp eller trening i Kolbein-vadet der det var laga ei noko lunde brukbar bane. Den låg lageleg til med gode mogelegheiter til bading, og det var greitt å koma seg dit. Då var det at ein mann kunne fortelje at i dag er det Fotballkamp i Oslo mellom Norge og Sverige, og at kampen skulle sendast over noko dei kalla Radio, det var då noko nytt. Og same  mannen kunne fortelja at  i Bø-garden hadde dei skaffa seg eit slikt apperat. Dei fleste som var der sette kursen mot Bø-garden for å sjå den og høyra på dette vedunderet. Ja det var eit under. Då me nærma oss stova stansa me opp. Døra stod open så me høyrde noko som let der inne. Me nærma oss endå nærare Bø-stova. Kutten, som me kalla han, ropte då at me alle måtte koma inn,

   Jau som sagdt på stovebordet stod det ei kasse ca. ein halv meter i firkant Nesten midt på kassa i fronten var der eit hol så stort som eit kaffisukker og der var eit lite lys som levde der inne. Det som imponerte oss mest var at ut or holet var det ei mannstemme som ropte og skreik som om det var verdens undergang. Han ropte på mange namn, og brukte mange rare uttrykk som høns, korner, ute inne ja han snakka om straffespark og mål og jammen høyrde eg at han bles ganske hardt i tvitten det var pausen.

      Stova var stappfull, dei sat og låg om ein annan. For alle laut sjå inn i det likkje holet. For der i frå kom stemma til denne mannen som ropte og skreik som ein galen til sume tider kunne me tru at han kunne sprekke. Det var spanande, og ei oppleving som eg aldri  gløymer. Kva resultatet, av kampen, vart det huskar eg ikkje. I dag er det for meg som eit eventyr.

              So vart det ei fin periode ballen gjekk frå hode til hode. Til slutt stansa den på ein hake det var han Kolbein-Arne som la til bake.

     Så var det at på Myklebust mangla der ein hoppbakke, men fram i Krona var der store mogelegheiter. Der vart so rydda for kratt og eine.

 Og der kunn me hoppa 38 meter. Må fortelja om det som me kallar fantepretter. Då han Laurits kom ned på hoppet kom der opp 4 stavar, og det førde til at 2 av dei tredde seg inn på skiene hans. Og begge skiene vart brotne, men guten var like heil. Ein mindre bakke vart også rydda. Det var i Grøtabakken, og der hoppa me 18 meter.

      Fram på Halse-haugen rydde me og der vart krokettbane.

 I Jo-garden var der 2 gutar som reiste til Ørstavik på arbeid, og om helgane var dei ivrige med  vidt forskjellige aktivitetar. Kanskje me har dei å takke for at me gutane vart så flinke på ski m.m.

      I Laurits-garden var der mange born, eit stort og romsleg tun, der me borna samlast til leik og moro om kveldane og helgane. Vil nemna lødetaket, der me kunne kome oss opp på mønet og so glide ned att.  Det var i eit slikt høve at ho Pål-Randi og ho Sjur-Møyfrid skada likkjefingeren. I Sjur-garden opp i dalen vaks der noko som me kalla Jol  og det var dei redde for. Så då han Pål-Olav leita fram speidarkniven og skar seg Jol vart han Sigurd so harm at han sette kniven rett i hovudet på han.

           I 1938-39 var det utskiftning på Myklebust, og dei i Nils-garden laut flytte ut. Dei flytte då fram i Marka fram om skulen. Stova reiv dei, merka ho, og sette ho oppatt. Buda flytte dei heil, dei fekk ho opp på ei vogn som vart dregen av ein lastebil. Dei køyrde rett ned på vegen marka måtte vera turr og fast. Eg huskar det godt Ho Nils.-Berte var redd at buda skulle ramla av, så ho gjekk og heldt fast i hjørna. Han Bodvar sat på mønet og passa på telefonledningane.  Buda sette dei på solar, og dei budde i den for det fyrste. Du kan tru det var mange tunge tak, før flyttingsarbeidet var ferdigdt.

       Når dei dyrka opp, der framme i marka, brukte dei bil til å drage plogen, Bilen køyrde då etter vegen, og dei brukte kasteblokk og vaier. Hesten brukte dei til å draga plogen attende.

   I Påla-garden, der budde han Påla og ho Fia. Han Påla vart over 100 år. Dei hadde passet av telefonsentralen i dalen Det vart mange turar med det dei kallar telegram. Og telegram vart det også sendt til dei som var i Lofoten. Han Påla var det, dei kallar, ein roleg mann Under krigen dyrka alle mann korn og for å få det turrt måtte det hesjast.

 Påla hadde dreng og tenestegjente hesa vart etter kvart ferdig. Han Påla sette seg makeleg på ein endenabbe og kveikte i pipa si. Då var det at hesa tok til å halla til eine sida. Dei ropte om hjelp Påla sat trygt. Men då hesa låg flat var det Påla roleg reiste seg og sa dei orda¨¨ Håketida der datt hesa Fia eg trur me gjeng og tek oss ein kaffi, og som sagdt som gjordt.

         Han Pål Laurits var ein svært nevenyttig mann var alltidt god å ty til når noko skulle gjerast, anten heime eller ute med folk. Han byrja tideleg med eit snikkarverksted der han laga tropper, glaskarmar, dører m. meir. Hadde dreng og tenestegjente bygde seg hus, dyrka jord. Han brukte det dei kalla Hestevandring til å draga plogen då han dyrka Storeslettene. Det måtte vera ein heller liten morosam jobb for gutane, som laut gå rundt og rundt bak hesten. Du kan tru det var stor stas då han kom med ski, som hadde ein profil og inkje berre flate. 

      Laurits kunne fortelje mange historier så som vinteren når det var kaldt, og fraus is på Ørstafjorden. Han budde ei tid i sin ungdom i Ørstavik. Sjøisen kan til tider vera både seig og sterk. Då ungdomane samla seg ut på isen på spark, skøyter vart eg brått klar over at eg ikkje såg land, og det på grunn av at isen hadde bogna. Då ropte eg kom dykk på land ja det vart eit strev å koma seg opp på kanten.

     Verkstedt vart brukt til børs der både unge og gamle kunne samlast. Hornmusikken hadde si fyrste øving der.

    Fram i Pålmyra vart der tideleg is så me fekk bruke skøytene våre. Du kan tru dei var av beste sort. Dei var laga av avbrotne småljå som vart feste i ein treklosse. Skøytene surra me faste med reimar og tau. Pål-myra egna seg til torvtaking, alle bruka hadde kvar sitt stykke der.Torva vart spada i passelege storleik til å hesjast i spesiallaga hesjar der dei vart turka. Om hausten køyrde me dei heim og i hus. Torva vart knust og brukt til strø i grisegarden vart også brukt, både til kompost og til gjødselauke. Så vil eg nemne at dei fleste gardane hadde nokre høner. Dei hadde heile tunet til tumleplass, der dei fann det dei trengde til føde. Men om vinteren var det viktig med sand og krusbrot, for at det skulle verta skal på egga.

       Må fortelje om han Kolbein-Sverre som hadde hesja ei hes, fram på teigen der broren Arne seinare busette seg. Det var under krigen. Sverre hadde kjøpt seg ein bunt med hesjastreng. Resten av bunten hengde han på den enden av hesa som vende mot vegen. Det var ein laurdagskveld. Me gutane på garden, og han Hjalmar, var på sykkeltur til Myklebustsætra. Då han Hjalmar såg strengbunten, som hekk på hesa, stogga han brått. Merkeleg med han Sverre tenkje seg å henge bunten der, for djevlane kan då stele den. Så brått sette han seg på sykkelen. Forresten strengbunten er då samanhengande med hesa og me sykla vidare. Samlingsstadar for ungdomen om helgane var om vinteren Skulekjellaren. Der var det leik, song og vanlege programfestar. Det vart etter kvart stor strid om bruken særleg om dans. Då hende det at kjellaren vart stengd for ungdomen. Då var det skulebrua som vart redninga. Men der var eit problem, det var noko som dei kalla Hestevandring. Det var svære plankar som dei la på langs midt på brua. Det var gjordt for at der skulle vera betre betre for hesten å gå. Difor var det ikkje så enkelt å dansa der.

     Då var det ein myrk haustkveld at nokre karar tok makta til hjelp og fjerna plankane til stor jubel trekkspel vart henta, og dansen vart til glede for mange, og til harme for andre. Gramafonen kom på marknaden i tida 1935-40. Han vart då mykje brukt, og var eit kjærkome innstrument. Det var ein ungdom som kjøpte seg ein. Om sundagane samlast samlast ungdomen seg hjå mannen. Lyden vart etter kvart noko underleg. Då var det ein  som var litt meir utlærd, og han sa at no skulle det ha vore bytt stift. Då var svaret greitt og tydeleg¨¨Me brukar ikkje å byta  stift, alt med me ser til den gamle.

        På det dei kalla vegskiftet vart der sett opp ei turnstong pluss nokre steinar med streng rundt. Det vart til stor glede og mykje brukt. Der var planta gran på haugen bak. Der vart det lagdt steinar til å sitja på. Når det var kortspeling vart det spela det dei kalla poker. Der var til tider ganske hektisk.

     Oppe i verket på Myklebust var der ein fin plass der var litt varme, men der var ein del støy.

     Staden der Revheim hev bygdt  kalla dei Fonnasletta. Det var ein fin plass for skuleborna til utesamlingar, og alle slags leikar i dei dagar. Må fortelja om fotball, det store problem var å skaffa seg ein. Han var heimelaga var av tøyfiller og papir. Så var det tau til å surra rundt, også det var av papir. Det er lett å tenkje seg resten. Det sværaste me brukte det var til jul. Då var det griseblåsa som me sprang frå gard til gard, for å få hand om. 

      Meir om fotballbana i Kolbein-vadet. Den fyrste kampen var mellom Follestaddalen og Åmås, Brungot. Resultatet vart sagdt. 38-0. til Follestaddalen. Eit stort problem var sko til å sparka. Som det vart sagdt i ein kamp inn på Åmdalen¨¨Du skal ikkje bry deg om ballen, men spark foten til mannen kom det klart, og tydeleg frå ein som stod på sidelinja.

      Kva tid dei tok til med sætring på Myklebustsætra,og bygde dei fyrste sela der det hev me inkje noko godt svar på. Det er sagdt at striden, mellom Øya og Myklebust-bøndene, var så hard at dei sistnemde laut leida og jaga kyrne over Seilen. Den 4. september 1846 vart åstadsak på Standal-eidet, men utan synleg resultat. Saka kom att til forlik 21 oktober 1847. Seinare vart bytet mellom Myklebust og Standal flytt 2-3 meter austover.

        Vegsambandet, over til Standal, vart ferdigdt i 1891. Den vegen vart bygd mykje på dugnad. Der var bønder frå Dalsfjorden som hadde plikter på bygginga på noko av dette vegsambandet.

 Vegen på nordvest-sida i Follestaddalen var ein del av ein Postveg. Med bru over Romedalselva fram Øyadalen på Kolåssida til Standal. Det vart sette opp, so kalla, milesteinar. Her i dalen står det ein på Bardstad og det på eigedomen til Jon Øye. Vidare står der ein på Årsæter. Både vedlikehald av veg og gjerdehald  vart delt etter skyld.

         Sætredrifta vart slutt i tida 1955-60. Frå sætra vart mjølka køyrd til meieriet på Årsætra, og det gjekk på omgang mellom bøndene. På sætra vart det bygdt  svære sel i dei dagar. Det var utsel og innsel.

Innselet, som var mest av tømmer, var eit fint rom,men utselet var av stavverk, og kledd berre med fjøler. I seinare tid så som i påska vart sela mykje brukte til å feriera i. Det kunne hende at senga var dekt med snø.

       So kom ei ny tid. Så tideleg som i 1914 vart det arangsjert hopprenn like ved elva, som kjem frå Nøvedalen, ikkje langdt frå fossen. Det var nokre personar frå Ålesund som arangsjerte rennet. Det gjekk store båtar med folk frå Ålesund. Det var ein stor flokk av kvinnfolk, som kom i side svarte skjørt, og dei fleste uten ski. Det er biletet som er teke av rennet som heng på veggen i Skihytta.

        Seinare. i 1934, vart det arangsjert hopp og langrenn. Hopprennet var i Svartåsen. Myklebust-gutane fekk i oppdrag og laga istand bakken. Der vart bygd tribuner, ei til domaren og ei til målaren. Så eit hopp der til eit stilas til tilrenn. Mest arbeid var å dekkje elva med snø.

I 1936 var der landsrenn i Svartåsen med stor deltaking. Mellom anna var der ei kvinne som hoppa ho heitte Hilda Brasterud. Der var ein gut frå Standal som sette utfor, han datt styg og skada seg i ryggen. Der var ei 4-5 gutar frå Ørsta som stilte til start i langerenn. Det var med heimelaga ski, og nykokt  smurning. Dei gjekk, trur me, mest på vilje og energi. Dei gjorde det, etter tilhøva, bra. Det var han Sverre Kolås, Øyvind Kolås, og brørene Peder og Hans Nupen, og så Ivar Åmbø. Der vart hoppa ei 48-50 meter.

        Det var ein heitte Møller som fekk rett til jakt og fiske på Myklebustsætra. Han fekk rett til å bygga seg ei lita hytte nær der hytta hans Eikås står. Den vart teken av ei snøfonn. Seinare fekk han løyve til å setja opp ei ny hytte som står enno, men som Per Reidar er eigar av no.

       I 1930-åra vart det fyrste rennet i alpint arangsjert her på desse kantar. Det var utforløypa som var frå Fingeren og til mål, og det var midt i Årdalskogane. Det var Ålesund Skiklubb som var arangsjør. Nokre Ørstingar deltok der. Det var¨¨Norvald Rebbestad, Ola Overvåg, Tor Strand og Hans Ose Velle. Seinare vart det renn kvart år. Utforrenn frå Fingeren til Myklebustsætra, og Slalåm vart halde ved Skihytta. Det var Norgesmeisterskap ein gong der mange frå Ørsta deltok. Mellom andre deltok der også Svenskar, og i tilegg to kvinner.

   Når det er turar som kan lokke so er det fyrst og fremst Kolåstinden,med den fantastiske utsikta og turen spesielt om våren. Den fyrste tida var det snakk berre om det dei kallar Snarvegen. Seinare vart turen Appelsinhaugen via Stretet. Ein annan tur, som kan takast, er til Fingeren, eller til Sylen. Så må det nemnast turen over Seilen til Myklebustfjellet. Den som kjenner seg opplagd kan taka vidare over Veirahaldet til Bondalseidet og Skiheisa.

       Som sumarturar kan passe til Harpedalen eller Kalvedalen. Der er gode vatn å fiske i.

      Må nemne han S.O. Myklebust, som gav 600.-kr. til grøfting og dyrking langs vegen ved brua og ved mjølkehusa. Det vart ei 400 meter med veite. Det vart ein stor åker der me sette poteter, og sådde korn som vart godt mode. Dei som gjorde arbeidet var Paul, Knut, Kutten Myklebust og han Laurits Årsæter. Løna pr. m. var kr. 0,25 øre, det var for graving og setjing av veiter.

   Vinteren 1947 kom der ei snøfonn og knuste Nils, Halse,Laurits og delvis litt av Sjur-selet, og fjøsen til Knut P. Myklebust.

      Sæterlivet kunne by på mykje, både godt og vondt. Det kunne vera problem med såre spenar så kyrne spente. Historia om medisin til såre spenar var urin frå menneske. Så kunne det hende at kyrne ikkje var å sjå. Då var det å leita. Når kveldsmålet var mjølka og sila då var det kveld. Då var det godt å fyre i ovnen, laga seg ein kopp varm kakao eller eta seg ei god mjølkeringe. Det var ein ting sætergjentene såg fram til, det laurdagskvelden. Då kunne det vanka besøk av veninner, eller av gutar. Då vart det dansa etter kambspel eller gramafon. Det var gitaren som mest vart brukt. Dansen gjekk føre seg på Sætervollen. Det var både synd og skam å danse i tida rundt år 1900.

      Så når fredagskvelden kom var det å rista opp halmsenga. Vidare var det å vaske alle golv med varmt grønsåpevatn  så det skulle lukte godt. Men prikken over ien var når dei braut einekvister og strødde på golvet. Den natta sovna dei godt. Så du kan tru det var hardt å koma seg opp or senga når klokka nærma seg 4-5 om morgonen. Då var den vanlege grå kvardagen eit faktum. Det kunne også både blåsa og regna, så kyrne var ektstra urolege. Nokre av dei som skulle heimatt måtte gå vegen dit, for det var ikkje alle som hadde sykkel, og det var også nokre som ikkje kunne sykle.

        Det var ved jonsoktider dei jaga kyrne til sæters. Då fekk me borna vera med å jage. Det var ei oppleving, og ein ting hugsar me godt. Det var at det i dei dagar stod det ein gamal gubbe fremst i dalen på Øye. Så om ei av kyrne kunne stela seg ei tugge gras, eller me eller kyrne kunne trakke i graset. Ja då vanka det mange harme, og til dels stygge ord, frå gubben.

        Ein fast tradisjon, med sætresesongen, var heimfarsgrauten som skulle utførast i siste veka i sætresesongen, og den skulle kokast utan at gutane skulle få greie på det. Må fortelje om hausten 1940 då gutane stal rjømen på Myklebustsætra. Det heile byrja med at rjømen,  som skulle verta til graut, vart plassert i Nilsselet. Men på sætra var der to gutar som var spionar. Så når sætergjenta mjølka var gutane der og tok rjømespanna og fekk ho på ein trygg plass. Dagen etter var det fotballtrening i Kolbein-vadet, der me hadde fotballbana. Då treninga var ferdig samlast heile 16  personar seg ved bjørka ved enden av bana. Alle hadde vore med på eventyret, som gjekk føre seg, den myrke haustkvelden. I svingen, ved Svartåsen, vart plan nummer 1. avklara, og oppmarsen sett i gong Det var å erobra eit sel til å koka rjøme og graut. Selet var ordna av sætergutane dei hadde erobra lykjelen.  Mjølk vart henta i mjølkehusa, men å skaffa mjøl vart etter kvart vanskeleg, då det viste seg at forsterkningar frå Øyagjentene var eit faktum. Det var mildt sagdt umogeleg å koma seg ut eller inn utan å verta steina av kvister, mold og ikkje minst vatn, så det minka på mannskapet, og klokka ho tikka.

   Dei siste som kom seg inn nokolunde turre dei lurde gjentene godt. Dei hadde skaffa seg eine som dei bar fram føre seg, så på den måten kom dei seg inn. Det var glaset som berga oss. Så då grauten var kokt var me berre ti mann igjen, og klokka synte morgon så det vart hastverk å koma seg heim. Sykkelane, som me brukte, var ved Øyasætra. Men då me skulle til å sykle synte det seg at alle ventilane mangla. Difor laut me bera sykkelane på skuldra heimatt, til moro og glede for dei som var ute på slåtteteigen. Det leid ut på dagen,og du kan tru det var pineleg for oss gutane.

     Men historia var ikkje slutt med det. Dagen etter vart det snakka og laga ein plan. Gjentene kunne fortelje at rjømen som vart stolen ikkje var den rette, for han høyrde til bonden som eigde selet. Og det vart stor harme og truslar. Så til slutt vart det til at tre av grannekonene samla i hop ny rjøme og leverte det til grannekona, som då bad om årsaking og kom med sanninga. Det var den rette rjømen som vart brukt til graut. I lagsbladet til ungdomslaget Luren vart det skrive mykje om denne historia. Jau der var gutar som ikkje var turre bak øyra.

    På Myklebust var det ein regel at det var ein formann som skulle bestemme kva tid me skulle reisa på sætra, eller gjerde gard m. m.  Den jobben skifte frå år til år, og formannen vart kalla Kumajor.

 Dei flytte til sætra ved jonsoktider,og var der i ca. 4. veker. Då flytte dei heim og opp på fjellet, og etter 3. veker der var det på sætra igjen. Der vart dei 3. veker, eller lenger, alt etter kor hausten utarta seg. Då var det heim til det dei kalla haustbeite. Men når hoa var visna og alt  var brunt, då var det inneforing og vinter som stod for døra. Då laut bonden leita fram sag og øks, med tanke på vedaskogen.

    Den siste sumarjobben var å truska kornet og turka det til maling. Då vart det god havregraut med siraup eller sukker på og ei lita feittugge, som dei sa, og så var det surmjølk til drikke.

 Det høvde seg slik at eg overnatta på sætra natt til den 12. juli. 1940. Då vakna eg, og fekk ein følelse at noko ikkje var som det skulle vera. Ute var det så merkeleg stilt. I fjøset under var kyrne meir eller mindre urolege. Så la eg auga inn til ei sprekke i veggen¨¨Kva trur du eg fekk sjå. Jau det var heilt kvitt ca. ei 5 sm med snø Då var det ein lys ide tok tak i meg. Bak min rygg låg mine ski, for meg var det då å kle på meg, så tok eg ski og stavar under armen, og småsprang opp om Halseselet. Fekk skiene på føtene og rende ned til hovedvegen. Det var ikkje lenge før det høyrdest hestetråv, det var bøndene som kom køyrande med for til kyrne. Du kan tru det var rauting i fjøsane då, og kyrne ville ut på beite. Denne hendinga er eg god for å huske.

     Må fortelje om ei hending på skuleplassen. Der ei var ganske høg flaggstong. Så var det ein herresykkel stod ved skulegjerdet, eigaren var ein mann frå Ørsta. Då vakna Fanten i meg, denne sykkelen skal få seg ein tur. Med sykkelen på skuldra bar det litt etter litt til toppen av stonga, men problemet var å få sykkelen over toppen. Til slutt greidde eg det, vinka so lett til dei som såg på. Om ikkje lenge låg sykkelen rundt den store steinen. Me vart ståande å sjå på godt utførdt arbeid. For eigaren av sykkelen var det berre å taka føtene fatt å gå heim. Måndag vart det mykje snakk om kven og om korleis sykkelen hadde funne vegen rundt steinen.

 Krinsformannen vart varsla, stanga vart lagd i bakken, og med god manns hjelp vart sykkelen lyfta av steinen. Stonga vart reist på ny og alt var berre velstand. Men det varde ikkje så lenge. Ei 3. veker seinare kom der ein liten storm som atter la stonga i bakken, men då var ho i 3. lengder. Det synte seg at stonga var gamal og rota og knakk saman. Det vart sagdt mykje, om dette, både godt og vondt.