Traktoren min!

Tor minnest då Krameren kom til gards i 1957 - og den er her enno!


Eg huskar det som om det var i går. Far min hadde bestemt seg for å kjøpe traktor. Han var ikkje den fyrste på Øy, men det var likevel ei stor hending på garden. Vi gledde oss alle, men det var sorgfullt å seie adjø til hesten vår Gerd, den trufaste slitaren som no vart seld til Trøndelag.
Det som var noko spesielt med traktorkjøpet var at far valde å satse på ein tysk traktor - ein Kramer KB 180. Det var ikkje så overvettes mange av dei. Den hadde 20 hestar, var vassavkjølt, og hadde dobbeltvirkande hydraulikk, dvs. den både lyfte og pressa ca 550 kg. Dessutan hadde den differensialsperre, kraftuttak bak og på sida, 5 gir framover, og dessutan kunne du bremse på eine eller andre bakhjulet ved å gi full sving på rattet. Dermed kunne du styre sjølv om framhjula var i lause lufta ved svansing! Dette var noko for ein 14 åring! Eg vart tidleg ein dreven traktorkjøyrar, og hjelpte far min både med pløying og harving, og ikkje minst silosvansing.
Far sleppte meg gjerne til, han gledde seg over kor rasjonelt alt hadde vorte - han hadde byggt silobinge og kjøyrebru, slik at vi kunne rygge traktor og svanselasse inn oppe på løda, og dytte lasset rett i siloen.
Men alt var ikkje berre fryd og gaman med traktoren i starten. Eg huskar det var noko klus med oljetrykket, og diverse brevskriving med firmaet (Bjerkenes & Co) i Oslo som hadde levert tratoren. Det kom to karar oppover og skulle sjå på han, men ifylgje eit klagebrev til firmaet i etterkant, hadde desse to vore meir opptekne av kva dei skulle nytte tida til i Ørsta for å hygge seg, enn å skru på traktor. Men oljetrykket vart no uansett ordna på eit vis - utan at eg veit kva som var feil.
Far kjøpte også sidemontert slåmaskin, og høysvans. Ellers vart dei gamle hesteredskapa modifiserte med traktordrag, det gjaldt for eksempel potetopptakar, "trollet" vårt (kven huskar kva det var), landkista, plog, m.m. Transportkasse til å henge i hydraulikken vart laga. Mange brukte denne til persontransport, men Krameren hadde så fine sitteskjermar, at mor slapp å sitje bak i kassa.
Ellers hende det eg fekk litt oppdrag med å slå for andre. (Det var no ellers Bjarne Øye som dreiv med det) Prisen var 15 kr. timen i 1959 for mann og traktor, etter det eg meiner å huske. Eg huskar at bytesteinane der eg var ukjend var ei plage.To gangar kjøyrde eg på bytesteinar og øydela trearma som dreiv kniven. Då var det å ta ein tur heim til Pål-Lauris, og få laga ny i snikkarverkstaden hans. Den som sit på slåmaskina i dag, er laga av han.
Ein annan ting som er verdt å nemne er at far fann ut og laga til feste og drivreim, slik at han på ein enkel måte kunne feste mjølkemaskina på traktoren. Dette vart ei ny tid for han når kyrne var på beite fram i Holen. Far var ikkje så rask og flink som mor når det gjaldt mjølking, men no kjøyrde han avgarde med traktor og maskin, og tok seg av mjølkinga åleine. Dette var han stolt av å ha fått til. Far døde allereie i 1962, 56 år gammal, så han fekk ikkje glede seg så mange år over den nye traktortida. Men mor mi var veldig oppteken av at vi skulle ta godt vare på Krameren. For meg er det ei stor glede, og ein litt rar følelse, nesten som å "leve livet opp igjen", når eg som nærmar meg 70 år, kan sette meg på same traktoren som når eg var 14, og starte med same tenningslykjelen.
Kva har ellers hendt/ikkje hendt med traktoren på desse 54 åra:
For det fyrste har den enno originale dekk(Dunlop) og slangar bak. Om det er noko igjen av lufta frå 1957, torer eg ikkje innestå for. Toppakninga har vore skifta ein gong. Innmaten i vasspumpa måtte eg få laga ny - men pumpa ellers er original. Tidens tann hadde tært opp akselen. Cluchen er bytta ein gong, og cluchkloa reparert. Ellers har eg måtta skifta ut karbonglidelageret med eit spesialmodifisert trust-lager. (Eigen patent) Sikringsboltane for hydraulikken har vore sprengt fleire gongar, men no er det sett inn sterkare boltar.(egentleg ikkje så lurt) Men traktoren skal sleppe tunge svanselass framover - som pensjonist. Traktoren har originale lyspærer framme, som framleis virkar etter over 50 år! Dieselfilteret har vore bytta ein gong på 60-talet.
Til slutt ein kuriositet: For ca 20 år sidan måtte eg melde originalskilta tapt - dei var grøne med kvite bokstavar. Men for eitpar år sidan dukka dei opp. Mor hadde bunta dei pent saman med strikk og lagt dei innerst i verktøykassa på traktoren, saman med originalt vognkort. Eg søkte vegdirektoratet om å bruke desse ved nyregistrering, men fekk avslag. Men fekk behalde det originale registreringsnummeret, på nye kvite veteranskilt. /p>

Frå billedarkiv:


(1)Det er no over 54 år mellom dei to bilda til venstre. Du ser Tor og Krameren sommaren 2011. Den er no registrert med sitt originale skiltnummer T-28284, og er ellers ganske bra stand etter så lang tid. Det er kanskje verre med eigaren?

(2)På bilde nummer 2 ser vi Krameren og Tor i ferd med å pløye fyrste åkeren hausten 1957. Då var eg 14 år. Far tok bildet. Desverre har eg enno ikkje funne eit einaste bilde av far min og traktoren - men eg har enno ikkje gitt opp håpet.

Tor_og_Krameren_2011 Pløying_hausten_1957 <img <img<img