Frå dugnadsarbeid på Romedalsvegen i nyare tid - men likevel nokre år sidan.
Her frå 2002.
Desse dugnadsreiskapane skulle gamlekarane frå slutten av 1800 talet ha sett:
Frå gamalt av har arbeidet med Romedalsvegen kravd mykje innsats frå dei som hadde setrar der. Vi kjenner til at fyrste tida sleit dei ut eitt sett med meidar på ein tur heilt fram. Det var ikkje rart at bøndene la arbeid i vegen. Romedalen var viktig å utnytte. Men i denne dalen er det naturen som rår store delar av året, menneska må halde seg unna når det er fonnafare eller annan rasfare på grunn av nedbør og flaum. Og vegen får alltid skader. Storegjølet er ein sikker plass for evig vedlikehald og snørydding når vegen skal åpnast. Men dette bidreg også til at dugnadsånda vert helden vedlike for karane som eig vegen. Vi andre som berre slepper nokre kroner i vegkassa, og so kjøyrer bedagelig avgarde fram til Steinstøylen, eller berre ruslar frametter vegen, slepp lett unda.
Gamlekarane hadde nok likt å sjå vegen i dag! Men dei hadde kanskje ikkje vore like begeistra for all trafikken i den stille dalen deira.