Ellen Follestad Aarset
fortel.
Eg vil fortelja litt om korleis vi på Follestad opplevde denne sjukdomen.
Ein fin vårdag i 1930 følgde eg mor til eit møte på Aamås-skulen.
Det var emisæren og salmediktaren Matias Orheim frå Stårheim i Nordfjord som heldt møte.
Orheim var svaksynt, og vart tidleg blind. Mor mi Olluffa Follestad skulle på møte, og eg som då var 7 år gamal skulle følgja. Vi gjekk til Aamås for å høyra han.
Orheim var svært musikalsk, og han hadde lært seg og spela på glas. Dette tykte eg var svært interessant, og følgde godt med korleis han fekk lyd, og korleis han stemde glasa.
Det første han gjorde var å feste noko på fingrane, som for meg såg ut som kvitmose. So slo han ei klar veske i to glas, og kjende med fingrane rundt glasa og fekk fram lyd. So spela og song han med ei fin songstemme. Det er alt eg hugsar av turen.
Me hadde høyrt at det hadde vore Skarlagensfeber i Åmdalen, og dagen etter møtet vart eg sjuk og kasta opp. Sidan vart også syskjena mine sjuke. Me hadde ikkje telefon på Follestad men lækjar vart henta han heitte Ski, og han såg straks at det var Skarlagensfeber, som var ein svært smittsam og farleg sjukdom. Me måtte derfor isolerast frå andre folk.
Far min som var bygningsmann, og var i arbeid med nytt våningshus på nabo-garden, Brauta, måtte på grunn av smittefaren bu der, og han fekk ikkje blande seg med oss.Han måtte difor kome fram til oss etter arbeidstid, for og snakke med mor. Han måtte halde seg på god avstand ute og fekk vite kva som mangla med mat, so han kunne fara fram på Handelslaget på Myklebust for å få kjøpt det me trong.
Kjøt, poteter og mjølk hadde me, men det var andre varer som mangla.
Han fekk ikkje kome inn i butikken men måtte stå ute medan butikk-dama stod i døra og fekk vite kva han skulle ha. So sette ho varene ut, slik at han kunne henta dei. Men betale fekk han ikkje, for pengane kunne medføre smitte, so dei måtte reingjerast ved røyking etter at sjukdomen var over.
Somaren gjekk med til sjukdomen. Det var frykta for ettersjukdom lækjaren var redd for, og systra mi som var berre fire år, fekk også øyrebetendelse etter sjukdomen. Medesin hugsar eg ikkje noko av, og det var berre å halde senga. Lækjaren kom nokre gonger og såg om oss.
Eldste søstra vår skulle komfirmerast til hausten, men ho fekk ikkje møte til komfirmasjonsførebuing, men fekk ta nokre timar før komfirmasjonsdagen og det heldt. Brørene våre vart hardast råka, og fekk i seg berre flytande føde.
Buskapen vår var so skuffa avdi dei ikkje fekk kome til Ola-støylen i Romedalen at dei la seg at på heida. Men mor hadde ein snild onkel, som hadde vore farmar i Dakota, og han henta dei ned. Grannane på Brauta var veldig snilde og hjelpsame, og kom ofte med noko og bite i, som dei sette ute, eller hengde det i epletreet som stod like ved stova.
Når alle var friske, måtte husa reingjerast ved røyking og nedvasking. Eg hugsar den kvite røyken som stod i taket, då eg stod ute og såg inngjennom glaset. Me fekk då overnatte i stabburet, og der hekk alle reserve sengkleda. Det var so god lukt av både mår og spekekjøt som hekk på budaloftet.
Me var no alle friske, men heile sommaren hadde gått med.
Brørene hadde ein stor lidenskap ved å sjå etter laks i storelva. Men når dei kom til elva tok folka på Rebbestad på andre sida av elva føtene fatt for og koma seg der ifrå.
Sume ting måtte brennast ute, Røyken breidde seg om lag 100 meter ut over. Men då tok folk som var i nærleiken føtene fatt,og skunda seg for og koma unda.
Det er fortaldt at ein unggut på Myklebust som også vart råka av same sjukdomen, og vart isolert, fekk seg ein stige og sat på taket og sola seg for og halde seg frå dei andre på garden.
I nyare tid har ikkje Skarlagensfeber vorte halden for ein særleg farleg sjukdom, og nyare medesin har også sytt for å halda den i sjakk.