Storoksen Prik på Myklebust

Det skal no forteljast ei dramatisk hending om før nemde okse, og det var i 1942. Som vanleg, i dei tider,var der feavlslag, med ein avlsokse, på kvar gard.Det vil seie at dette feavlslaget omfatta heile Myklebust. Denne oksen var ein av gamlesorten den grå kollute rasen. Der var fleire tilsvarande feavlslag i dalen, så det var konkurranse om kven som hadde den største og sværaste oksen. Vinterforinga av oksen gjekk på omgang.  

      Om sumaren var dei på beite. Bøndene i Åmdalen og Follestaddalen frakta dei til Kvanndalen, der dei hadde ei felles hamning,som var til leige og var innhegna. Våren kom og det grønkast både på bøen og opetter lia. Frå fjøsen høyrde du kor dyra vart meir og meir urolege, då dei merka eimen av grønt gras og lengta ut for å strekkja på beina.

         Så var det ein dag at han far kom frå fjøsen, i morgon, tenkjer eg, me fe reise til Kvanndalen med han Prik. Ho mor vekte meg tideleg eg fekk fort på meg klede og dei gode beksaumskorne. Nista var klar ei par brødskiver, vatn til drikke var der nok av i Kvanndalen. Då eg stod i fjøsdøra kan du tru det var ein som såg med  store auer på meg, for det var inkje kvar dag eg var i fjøsen. Han far fekk den svære Ledgrima på Prik, og på den grima var det to gode og lange tau. Du kan tru det vart nokre sprell før oksen var komen oppå lastebilen, og surra fast i nokre store krokar.

        Så var det rake vegen til Bjørdalen, der me rygga bilen inn til ei lødetropp, så me kunne få oksen av lastekassa. Han far tok det eine tauet, og skulle gå føre eg det andre tauet og skulle bremse om det trengdest.Oksen kjende no eimen av fleire oksar, så no ville han ha fylgje, og der med sette han opp farta. Far sprang for livet eg hang som ei tyfille i tampen og bremsa så godt eg kunne. Beksaumskorne, som eg brukte, hadde hæljarn og godt var det. Og under dei stod berre eldbrisingen. Minner meg mykje om skitrekket på Bondalseidet. Skilnaden var berre at eg då hadde naturkraft,mot at det på Bondalseidet er motorkraft. Med mykje mas og kav kom me oss til sist til hamninga og Prik fekk føling av at han inkje var åleine der.Så vart det eit oppgjer om kven som skulle vere  leiar der.Me åt brødskivene og drakk av det gode vatnet. Ferdig med det tok me på heimveg, og me gledde oss til ein god sumar me som oksen.

              Sumaren tok slutt og hausten nærma seg så ein morgon eg stod opp såg eg kvite toppar det var snø i vente. Han far tok til å mala som dei sa i ordtaka. Me lyt vel snart tenkja på å henta storoksen heim. Så ein dag vart det bestemt å reisa fyrstkomande laurdag. Han far og nokre andre reiste, men turen vart mindre vellukka, for det vart heilt bom. Så vart det bestemt sundag. Karane rusta seg med meir tau og lokkemat. Det vart eit godt ver og mange av ungdomane ville vera med. Det var 4-5 tauser som vart med på turen, så bilen var full.Det var også dei som sykla. Då me var komne i Bjørdalen var der gutar både frå Follestad og Rebbestad, så der var mykje folk, som samlast, og mange gode komentar å høyra. Kvar gong ein kvan trakka i djupaste skitpøyta vart det til latter.

             Snart vart det stilt i flokken me høyrde eit lite brøl alle vart spente strakst me såg steingarden, og lenger inne fekk me augo på mange oksar.

Dei fleste av karane tok med det  viktigaste grime og tau. Så var det å kliva garden og det var inkje lenge før karane fekk kontakt. Oksen vart innhenta på kva som kom. Dette minner meg om gutane då dei kom på skulebrua på dans frå Åmdalen, og motsett me kom til Åmdalen. Kunsten var å fanga dei å få på grima. Det var i den situasjon at han Odd Follestad stod bøygd for å lokka til seg oksen, at ein annan okse var nysjerig mærma seg han Odd bakfrå. Dette merka Odd for seint til å koma seg unna så oksen kasta han opp i ei stor bjørk, og etterpå datt han ned på marka. Då me kom til viste det seg at han hadde skada seg i ryggen så her trengdest hjelp. Nokre gutar tok føtene fatt til deminga av vatnet der skulle vere ein båt. Terrenget der inne var etter måten nokså bratt.                 Så med eit var det at ein okse tok renn på han Kutten, men han var snartenkt, for han kasta seg attom ein stor stein, og krøkte seg saman i det at oksen nærma seg. Han Kutten brukte ofte dongerijakke, og i det oksen kleiv over steinen krøkte han foten under jakka og ho vart fast i klauva, og der for både oksen og jakka ned den bratte hallinga. Men til all lukke vart ingen skada.

         Så var det turen til han Prik, men han var inkje innteresert i å reisa heim. Det vart gjordt mange forsøk, men den gang ei til slutt var det ein kvan som fekk lasso over hovudet , og tampen surra godt fast i ei bjørk. Den gode grima kom fast på hovudet. Me var stolte og glade det var berre å taka på heimveg. Men han Prik viste atter sin motvilje han la seg like godt rett ned.

 Og der me, og med mange råder til hjelp var det at ein kvan fylte skoen sin med vatn, og slo vatnet i øyra på oksen. Då reiste han seg for å rista vatnet or øyra, og me fekk han so til steingarden i øvste råsa, men ovanfor skogkanten. Der var det bratt med mykje laus småstein. Der la han seg ned for andre gong. Det var berre å setja seg roleg ned å vente. Då med eit eit var det eit gjentehyl. Oksen skvatt til vers, og han Ottar som sat med tampen, som han hadde rundt handa, hadde så nær vorten dregen med nedetter urda i lag med oksen som for glidande på sida, og til sist vart liggande til dels livlaus.

            Då me kom ned til oksen viste det seg at han hadde rive hol på magen tarmane kom rennande ut. Kva gjer me no me var vaksne karar. Me fann oss ein god stein heldigvis hadde ein kvan med speidarkniv. Me brukte steinen til slå i hel oksen med, og etter avlivinga og stikkinga flådde me han så godt som me kunne. Då me no hadde båt vart det henta ein stubbebrytar i skuret til Kraftverket, og me fekk soleis hengdt oksen opp. Kjøtet vart berga, men det vart seint på kveld før me kom oss på heimveg. Me laut soleis reisa heimatt utan å ha med oss Prik.