Frå Lars K. Foldal (Lalli) sine dagbøker!











Kornhaust




Heime i Larsgarden. 1941.



Vi ser: Knut L Foldal (1867-1967).Lars Knut- og svigerdottera Ida Foldal (syster til Susanne Øie) Lars Knut var gift med Anna syster til Laurits Øie. Bildet er frå 1950, og dei haustar bygg.

10.mai.

var fyste dagen mi saadde 2 maal havre, det er vel sume som hev saatt nokre dagar før. Det hev vore bra veir siste 14 dagar, men det er sokalt med natta at snøven ber kvar morgon. Det er endå ikkje tøya nid på attelegå anna der som er mæla.

12. Det er forskjellige som kjøyre høy til Tysken, mi skal levere 180 kg. Hans, Guttorm, og Pe-suderne hev vore ute på attelegå i 4-5 dagar. Men det er surt og kalt og lite og finna.

13. I dag er det ein skosnøv, og snøva gjer det. Eg var mjelkemann.
14. Snøvi ligg sameleis, det er ikkje raa daa gjera noko ute. Vanskeleg for dei som er høylause.

17. Mai. Det hev stide med snøvelingar frammi fjellå jamt vekk siste dagarne, fyst i dag er snøvi aat aa sige vekk ta marka. Det hev ikkje vore tale um aa gjort noko ute, på verken aaker eller mark. Snøvi ligg endå nid på flatine der som ikkje var mæla. Men han er no aat aa sig sund. Igaar var eg i ”Bygda” med Tyskehøyet. Det er berre mi, Guttorm, Storteigen og Paul som hev saatt endå.

18. Sundag. Var eg og Ida med Kjirkje, ettermiddag litt regn og noko mildare.

19. Saadde byggji nadapå Storeveitå, sette gulrøter, godveir.

22. Helgetorsdag. Det hev no vore mildare veir 3 siste dagarne, hev sett 1 maal poteter. Folk arbeider med ploging og saaing det meste dei vinn. I dag hadde mi for fyste gong ut sauder, det var 6 som myste lamba sine.

25. Sundag. Det er no godt og milt veir kvar dag, men det hadde gjort godt med noko regn. Igaar hadde Pe-folkje ut kjyrne, i dag Hans og Guttorm-folkje. Mi hadde ut sauderne som hadde lamb.

2.juni

2. pinsedag. Fyste dag mi hadde ut kjyrne, veiret er godt kvar dag. Men det hev ikkje vore regn sidan tidleg ivaar, medan snøvi laag. Men det er nokso jamt nordavind.

5. Det er framleis like turt, ikkje ein drope regn. I dag var mi uppi Hogstri hans Longstøyl Guttorme etter hinne Brungot.

8. Sundag. Var i Haukaasen på stemna. Folk klagar over turken, alle ventar regn.

9. I dag når mi vakna hadde det bjønt aa regna. , tett regn heile dagji.

10. Bjønde aa hogge vid, regn av og til.

26. Reiste på setra.

9.juli

Det hev no lengje vore godt veir. Monge hev bjønt aa slå.

10. Bjønde aa slå frampå teia, svært varmt 31grader.

13. Sundag. Godt veir til 1 e.m. då bjønde det aa tore og lyne og eit voldsomt regn. Elva, Fylelva kom nidover Seljeaakri og gjorde stor skade, på mark, aaker og eng. Longhøy. 1941.



16. Juli. Tok 3 lass

19. ” ” 4 ”

22. ” ” 10 ”

24. ” ” 7 ”

25. ” ” 17 ”

26. ” ” 8 ”

28. ” ” 15 ”

29. ” ” 16 ”

30. ” ” 3 ” I alt longhøy.

83 lass. Stytthøy 1941.



31. juli tok 2 lass

5. august ” 2 ”

11. ” ” 2 ”

12. ” ” 4 ”

14. ” ” 2 ”

18. ” ” 4 ”

26. ” ” 4 ”

I alt stytthøy 1941. 20 lass

7. August. Bjønde aa skjære nadapå Storeveitå, det hev vore regn og surveir siste vika.

8. Skar og hesja heim på Haua, bygg.

17. Sundag. Var i Hjørundfjord på stemne, godveir.

Avskrift av dagbok til Lars K Foldal. /Fyldal-Lalli) Malvin Øye.