Frå Lars K. Foldal (Lalli) sine dagbøker!











STORSILDFISKJE 1940 DS ”KVITEGGEN”


Dagbok av Lars K Foldal.
Desember 1939. Kom til Aalesund 18. desember, men det vart lite gjort då det var snøv og slafs kvar dag. Reiste heim 22.des. for aa feire jul. Ikkje sildesyner til denne tid. I jula snøva det godt. Reiste frå Ørsta 4. dag jul, ein dag forsinka, pågrunn av at bilarne kjaure fast i snøveire. Det er no store vanskeligheiter aa koma fram overalt, aa snøva gjer det framleis kvar dag.

DS ”KVITEGGEN” MANNSKAPSLISTE.

Skipper Arthur Pettersen Mauseidvaag. Bestmann Hans Vedde Urkevik Bas Peder Røttengen Vedholmen Bergen Maskinist Knut Seljesæt Gurskøy Fyrar Peder Overå Skjeide, Ulsteivik Stuert Elias Iversen Mauseidvaag Peder Røbek Mauseidvaag Lars K Foldal Ørsta Bjarne Kildehaug Vegsund Peder Furnes Mauseidvaag Alfred Urke Eidsnes Lars Røbekk Mauseidvag Erling Grønnmyr Langevaag Marius Skytterholm Reithaug Jakob Jøsok Gurskøy Bernhard Frøystad Leinøy Hermann Klauset Misund Karl Vorren Sandshamn Inge Vaage Sandshamn Monrad Karlsbakk Mauseidvaag Januar 1940. 1. Gjekk frå Aalesund 9 f.m. det var sydleg kuling. Kom til Florøy i myrkningja, der laag ein del baat. Storparten av floten ligg vistnok lenger syd på Hindøyosen , Varlandosen og der omkring. Radio varsler vestleg til nordvestlig kuling.

2. Gjekk frå Florøy i middagstida, tørna utunder Alden. Her ligg mykje baat men det er berre kuling, so det driv av snart ein og so hinn, og gjeng seg frampå pånytt. Mi hivde upp 2 gonger i natt, og tørna pånytt.

3. Bjønde aa gaa 11 f.m. 8 kveld ligg aa drive utfor Sandøya, bra veir men ikkje sildenytt. 10 kveld på tur innover, midnatt ligg tørna på Varlandsosen, litt snøkave.

4. Bjønde aa hive upp i middagstida, gjekk utover sjøen og lodda litt ta hekken framover kvelden, men ikkje liv. 11 kveld ligg aa driv nordvest av Utvær. Ca. 10 kvartmil til havs. Radio melder svart hav.

5. Kom 10 f.m. inntil Kalgraf, Solund. Over middag gjekk ut pånytt. Frisk sydvestleg bris, ingen snurpar hev til denne tid vore burti sild. Um kvelden lagde til kai på Kalgraff.

6. Ligg framleis på Kalgraff, garnfiskje i dag og i går frå 0-150 hl. Reiste utover 4.e.m. hørde i radio at dei hadde lodda på litt sild utav Holmengrå. Der vart storkasting men smaat med sild. Mi kasta 2 gonger og fekk ein hov sild.

7. Sundag. Godt veir, tørna med Rautingen sundag morgon ½ 6. 4 e.m. bjønde gå utover.

8. 3 morgon hev leie aa slingra utpå sjøen millom Holmengrå og Feie i heile natt, ikkje sild. I middagstida påtur sydijenom Hjeltefjorden. Kasta i myrkningja utfor Turøya, og fekk mykje sild i nota, men sprengde nota. Gjekk under land, skjifte not kom ut gjorde 1 kast igjen reiv pånytt. Fekk ca. 300-400 hl. 2 natt på tur til Bergen. Hadde påland begge nøterne til bøting. Dette var det fyrste verkelege sjøslag for i år. Dei hev vist sprenge nøter 1 eller 2 på dei fleste baatar.

9. Leverte på Harsøya, det vart 586 hl. Fekk nota igjen ta bøteriet, men då det var storm fekk gutta seg en kveld i land.

11. Frå Bergen 8 f.m. tørna i Bakkasund. I myrkningja spakna det, gjekk utover, lodda på mykje sild men stor sjø gjorde at det vart ikkje kasta. Vart um natta kasta 2 gonger, fekk litt sild.

12. 9 f.m. på tur til land, til Bergen 12 middag leverte ve Dokkeskjær 342 hl. 7 kveld på tur utover. Til hit 6 kast.

13. 12 natt ligg aa driv utfor Marsteinen, tjukk skodde og ikkje sild. 3 morgen gjekk under land og varpa. 12 midd. Laag aa dreiv utpå havet. Radio melde um snurping ved Slotterøy og Brandasund. Gjorde 3 kast, men det gjekk berre sjitt fekk not i ringane m.m. Kom inn til Brandasund 3 morgen.

14. Sundag. Leverte til Iseiler 329 hl. Høyrde i radio at ”Arnvid” sokk i natt utfor Slotterøy med sildelast.

15. Gjekk ut om morgonen, det var ein heil storm nordost, gjekk under Stolmen og tørna.

16. Bjønde aa hiva i lysingja, alt er no ihopfrose baade vinsja og baatmotoren. Det er so kalt det er lite komande på dekk. Gjekk nord til Røttungen aa få reparert ein notbaat.

17. 12 natt ligg med Dokkeskjær. Etter midnatt begjynte dei frivillige til Finland aa demonstrere kor dei skulde skyte” Russ”. Ein av demonstrantane hadde saudeskinnspels, og gjorde stor lykke både umbord og i Bergen by. 3 e.m. gjekk frå Bergen ein mann fattigare enn før.

18. Hev leie aa slingra utpå sjøen millom Marsteinen og Slotterøy, frisk vind kalt og ikkje sild. Ho stend på djupet. Kl. 7 e.m. ligg utfor Skotningen. Radio varslar ei mine i nærleiken. Gjekk inn til Geitung og varpa.

19. Det er berre vind og rusk kvar dag, so ein treng ikkje um aa spekulere på noko sjødrift. Heiv upp 3 e.m. gjekk inn til Kulleseid og varpa, sydleg storm.

20. Kom til Haugesund 2 e.m. hadde påland ei not til barking. Det var berre natt til 18. at nokon få fekk noko sild denne vika. Då var det fleire som fekk skade både på not og baatar pågrunn av storm

21. Sundag. Ligg med Bakarøya, i dag godt veir. Mi liver ellest på kaffi då kokken er noko yrven etter nattens strabadser.

22. Frå Haugesund 11 f.m. Kom burti mykje kval og fugl utfor Espevær. Kasta på aate men bomma, godt veir. Gjorde 2 kast til um kvelden fekk ca. 200 hl. der var nokre som fekk bra med sild.

23. Hev gaat aa slarka utpå havet, 1 e.m. full fart nordover, då det skal vere kasta på sild utove Skotningen. Naadde fram i 3 tida, der var samla heile floten. Det var stor kasting, men ingen fekk noko serleg. Kasta 3 gonger, kom 12 natt til Haugesund.

24. 8 morgon ferdig med leveringja, 262 hl.. Frå Kopervik 9 f.m. Ligg aa driv utfor Røvær, sydleg kuling.

25. Hev jort 4 kast, hev ca. 1000 hl. umbord. Kl. 6 morgon full fart mot land er 15 kvartmil tilhavs. Kom til Haugesund i 8-9 tida levert uti Gavlen, 1093 hl. 7 kveld påtur utjen, godt veir. I dag var ein stor sildedag.

26. I natt kasta 3 gonger, hev ca. 700 hl.umbord. Til Haugesund 12 middag, leverte på Salhus. Hadde paaland djupenota, ho skal ha ny haavbuss. 12 natt ferdig med leveringja av 667 hl.

27. gjekk ut med same, 7 morgon ligg a drive vestav Kvitsøy, godt veir. Bjønde aa kjøyre ette aate, tok lag med ”Elgbrand” som hadde eit pent kast. Men det rivna no nid, men mi berga 12-1300 hl. umbord i ”Kviteggen”. Kasta 2 gonger um kvelden, 10 kveld gjekk mot land daa hadde mi og ”Elgbrand” tilsaman ca. 2000 hl. Kom inn over midnatt.

28. Sundag. Ligg aa levera paa Salhus, 10 f.m. lev. 800 hl. 5 e.m. ferdig med leveringja, 1116 hl. Fint veir.

29. Laag til 2 natt før mi fekk nota, kasta i lysingja fekk ei 10 hl. I dag hev det ikkje vore kasting. 1 kast 8 kveld hev 200-300 hl. 12 natt ligg a lyse utav Kvitsøy. Sydaustleg og kalt.

30. I natt var det strid austing og svidande kalt, over middag gjekk inntil Stavanger. 11 kveld ligg aa skal losse, austavinds kuling.

31. 3 natt ferdig med levering, 301 hl. 3 e.m. ligg framleis i Stavanger berre kuling og kalt.

1. Februar. Gjekk frå Stavanger 10 f.m.. Det vil halda fram med fyll og krangel i land, vonar på rolegare forhold når mi kjem i sjøen. Frisk austing, kalt. Gjekk ein times tid på syd, snudde på nord. 5 e.m. kom til Haugesund, tok bunkers, gjekk innpå hamna og tørna. Skal ha kjelsjau. Floten ligg inne.

2. I myrkningja høyrde i radio at det var nokre faa baatar som fekk sild i aate. 10 kveld gjekk fraa Haugesund, gjekk utmed Røvær lodda av og til av hekken. Men ikkje liv aa kjenna.

3. 2 natt tørna, laag still 10 f.m. Redningsskøyta ”Chr. Bors” beretta um aate utav Utvær. Full fart nordover. Hev leie og lyst og lodda vest av Marsteinen. 10 kveld bjønde aagaa mot land Kom inntil Røttingen midnatt.

4. Ligg med kaia til Øyernes handelslag, veiret er finfint men kalt.

5. 9 morgon tok laust, gjekk utmed Marsteinen. Radio beretta at dei hadde lodda på sild på Svinøyhavet i lysingja. I middagstida høyrde at dei hadde kasta utfor Skarvøya i Øygarden. Full fart nordover, 2 e.m. ligg aa driv utfor Skarvøya. Det er ikkje noko sildesyner. Kasta i 3 tida fekk bra med sild, men brekte ned. Det var eit par baatar til som det gjekk sameleis med. Ingen fekk noko. Det kjem an på kva natti vil by på? Godt veir, lodda til 9 kveld ikkje sild. Paa Svinøyhavet er det kasting, og dei fær vist bra kast ogso. For Utvær ogso er kasting, full fart nord det vert nok Utvær kring midnatt.

6. 2 e.m. Utvær tvers påtur til Bergen. Gjorde eit kast i natt for Utvær, men det var ein frisk vind og ein graadig straum so det var ingjen som fekk noko. Til Bergen 8 kveld, 6 timars gonge.

7. 8 morgon hadde paaland nota til bøting. Um ettermiddagen kola, var meiningja aa vente til nota var ferdig. I 4 tida e.m. høyrde um stor kasting for Ytterøyane. Tok baatarne i største hast, og full fart mot nord. Radio er full av kasting og haaving, og ikkje noko sprengjing av nøter. 12 natt bjønde aa sjå ljøsa frå snurpeklasen. Det kjem an på kor det vil ta seg ut?

8. Gjorde 2 kast før det vart ljost, fekk kring 700 hl. 9 f.m. kasta på aate. Silda gjekk ned med same, ei sprengd not vart heile greia. Den andre er i Bergen på reparasjon. 12 midd. Tok baatane og kursa nordover. Kom til Aalesund 7 kveld. Gjekk seinare inntil Vedde for aa losse.

9. 4 morgon ferdig med leveringja, 718 hl. Tok umbord nøterne kola m.m. Kl. 1 midd. frå Aalesund, det er no mildare. Kom utpå sjøen var det ein frisk nordaust, og lite sildesyner. Gjorde 2 kast um natta, fyrste var bom. Siste kastet hadde vel ei 50 hl. i nota, men det var sån straum, vind og struplsjø. At mi turka det ut og tok baatarne.

10. Tørna 4 morgon på Skorpeflaket, laag varpa til over middag. Eg og nokre andre vart sette påland i Ulstein. Bilte til Hareid og reiste heim.

11. Sundag. Kom til Aalesund var ”Kviteggen” reist på sjøen. 12 natt reiste frå Aalesund med ”Kirkholmen”.

12. Kom på feltet 3-4 natt. Halloa ”Kviteggen”, men då det vart kasting fekk dei anna og gjera. ”Kirkholmen” kasta og fekk 800 hl. Høyrde i radio at ”Kviteggen” hadde faatt 1100+1200 hl. Kom umbord 7 morgon, Tok baatarne 8 morgon på tur til land. 12 natt ferdig med leveringja.

13. Frå Aalesund 12 natt, gjorde 2 kast i natt fekk ca. 70 hl. 10 f.m. ligg aa driv utav Svinøya, godveir.

14. Kasta 4 gonger i natt, siste kast 4 morgon. Haava last i baaten. ”Barden” fekk ei 200 hl. som mi hadde formykje. ½ 6 morgon bjønde aa gaa mot land. Mi var eit godt stykke tilhavs, det hadde no friska ein god grand. Hadde baatarne på attersleparane men det vart alvorleg svalk, måtte sleppe all silda i sidebingane. Slepte ca. 150 hl. Gjekk 2 timar då tok me upp baatarne. Men dekket vart eit einaste hav. So det vart ikkje lengje fell mi måtte laare dei nidjen. Gjek 3 timar inn under Svinøya, det hev no smulna mykje, men ein enda passa løje skal ein slå i styvlar attover dekk. 12 middag til Brunholmen, her ligg nokre tunge snurparar. ”Kviteggen” ligg nokso tungt i sjøen når mi ligg her med kaia, svalka sjøen endå lit inn på dekk. På dekk er det sild berre i midtbingarne, ikkje i den attarste. 7 kveld bjønde aa levere med Holms kjøleanlegg.

15. Leverte til Holm 500 hl. leverte til jakt ”Idige” 1145 hl. ca. 50 hl. hev mi med på sjøen då jakta ikkje tok alt. So det skulde i alt verta umtrent 1700 hl. 4 e.m. På tur utjen, kom ut 9 kveld jorde 3 kast hev ei 400 hl. umbord.

16. 4 morgon tok baatarne då det er ein heil rylar av sydvesten, ligg aa driv. Mot morgonen er det varsla nordvest kuling. Gjekk på fyremiddagen inn på Hogsholmen og tørna. Laag tørna til 5 e.m. , gjekk vestover sjøen det er nokso stor sjø so det er vanskelig aa berge kast.

17. Rodde mykje av nata men silda stod djupt. Mi kasta i 3 tida fekk ei 300 hl. Men det var slik slingring at det vilde slita sund baade not og baata. Haaven knuste bingbord m.m. 6 morgon ligg aa driv, tok baatarne i 7 tida aa bjønde aa gaa mot land. Kom til Aalesund 12 middag, var inn i Spjelkavika aa hengde ei not. Derifrå og på Sælneset aa leverte silda, sonær som 22 hl. som var gamalt. Det var mi inn til Vedde med.

18. Sundag. 2 natt ferdig med leveringja, i alt 678 hl. 12 middag ligg på Vedde, dei fleste er no heime iallfall Sulingane. Makk hev vaska fint upp lugaren og no serverer han middagen. Veiret er finfint, klarveir og solskjin. 4 e.m. frå Vedde, gjekk til Aalesund og kola var på kaia og tok djupenota. Kom ut på feltet 10 kveld. Veiret er godt, berre noko sjø.

19. Kasta i 4 tida natt fekk 200-300 hl. 12 midddag liga a driv utfor Stadt. Her er no komne storparten av synnate baatarne ogso, so her er nok av dei som vil ha sild. I natt friska det nokso fort med sydvest, sjøen voks nokso fort.

20. Storparten av baatarne hev leie uppunder Honningsvaagen. Det hev ingja kasting vore. 5 morgon tørna upp med Høgshomen. 12 midag hev levert silda 282 hl. til Høgsholmen guano.Gjekk inn Rovdefjorden kom til Aalesund 6 kveld, det er no berre storkuling, sydvest.

21. Var inni Spjelkavikja og henta nyenota, storm.

22. Gjekk frå Aalesund 9 f.m. , gjekk i Rovdefjorden aa tørna, sydvest kuling. Middagslur. 10 kveld ligg framleis tørna, radio spaar fortsatt sydvestkuling. So mi fær vist god tid aa kvila ut.

23. Hivde upp 10 f.m. gjekk ut mot Svinøya, det er no aldeles stilla, men nokso tung sjø. Laag aa dreiv til 2 e.m. daa det tok til aa friska av nordausten. Gjekk innpå Teigebugen og tørna, utover kvelden vart det ein storkuling av nordausten.

24. I natt dreiv ”Langenes” up på fjøra, men fekk vist ingjen skade. Hivde upp 10. f.m. gjekk til Spjelkavik og hadde paaland Islandsnota. 10 f.m. ligg utmed Larsens kolkai, snøvfok og rusk. Det hev ikkje vore tikje sild av snurpara sidan natt til måndag her nord for Stadt. Og det er no visst ubetydelig at det hev vore tikje noko lenger syd helder.

25. Sundag. I natt hev det snøva noko. Var ein tur i kyrkja ellest stilt og roleg, då dei fleste var heime.

26. Hivde upp 10 f.m. gjekk til bunkersen og kola. I middagstida bjønde aa gaa sydover. Der skulde ha vore gjort eit landsteng innafor Espevær, Bømlo. Det er no storkuling av sydvest. Baatar som er på Stadten berettar at det er berre sovidt det gjeng fram. Tørna uppunder Nerøya nordfor Fosnavaag.

27. I går kveld var det varsla sydlig storm på heile Vestlandet. I myrkningja hivde upp og flytte på andre sida, då det til natti skulde verta nordleg kuling igjen.

28. I natt hev det vore noko fiskje i Bømelen, der vart gjordt 5 landnotsteng. 13 snurparar var innkomne til Haugesund med fangstar frå 200-2000 hl. Kl. ½ 10 bjønde aa gaa sydover. Her laag monge baatar, men alle hiver no upp i største hast og gjeng syd. For Stadt er det noko stor sjø. Her er ikkje solite utsikter med Havsule og greier, so vist det vart so kunde her nok verta sild. Forbi Maaløy ½ 2 e.m. ” Stabben ½ 5 e.m. ” Alden 1” 7 e.m. ” Ronglevær ½ 10 kveld. ” Bergen 1 natt Til Røttingen 3 natt. 17½ time frå Fosnavaag til Røttingen.

29.10 f.m. frå Røttingen, godt veir berre noko kaldt. 12 middag trefte ”Bergensfjord” på tur nord. Kjem vel fram paa feltet i 3-4 tida. Dei fekk fangstat i dag ogso på upptil 2000 hl. men det er vel storparten som gjeng fri. Når mi kom til Mosterhuk bjønde mi aa treffe floten. Dei ligg tørna langsmed landet overalt, so det er ikkje rom aat nokon nye. Gjek inn i Bærøyfjorden, litt innom Kullseid kanal aa varpa. Uppunder land ligg fullt overalt, so mi ligg i hanefot eit stykkje utpaa fjorden. Det er ikkje lovleg aa kasta frå 8 kveld til ½ 5 morgon. Hivde upp 10 kveld, gjekk lenger ut aa varpa under land. 12 natt gjekk til køys.

1…Mars. Utpurret 4 natt, var ut aa rodde til det lysna men det var ikkje sild i vaart ljos. Det var sume som kasta, men det var lite eller inkje dei fekk. Det ligg igjen nokre faa baatar nord um Stadt, og i går og i dag hev dei faatt der noko sild. I går fekk ”Akta” 500 hl. i dag 3-4 andre 200- 1200 hl. Vistnok inn um Svinøya, men der er dårleg veir. Her syd var det fangstar opptil 800 hl. Mi ligg på same plassen som mi laag i natt var. 9 kveld var ute og lodda, ikkje sild.

2. Kasta 5 morgon og fekk kring 300 hl. frisk sydleg bris. ½ 10 f.m. Ryvarden på tvers påvei til Haugesund. Leverte i nærheita av brua, 4 e.m. ferdig med leveringja av 336 hl.

3. Sundag. 9 morgon utpurra til kaffi, tok baatarne 10 f.m. gjekk frå Haugesund. Det er vistnok ein heil del baat som er gaatt nordover siste døgnet. Men der er dårlege veirmeldinga for Møre, so der er visst lite aa gjera der ogso. 11 kveld ligg varpa i Bærøyfjorden, var ein tur ut aa lodda aa der var noko sild. Det kjem an på kor det vil verta når den lovlige tid kjem?

4. Var ute aa lodda 4 morgon men då var silda rømd. Her ligg baatar langs fjøresteinane overalt, men det var nok faa som fekk noko i natt. Det er ellest nordvestleg kuling, so det er berre sovidt at 2 mann greier aa ro honom. Var no uppaa lytta veirmeldinga 8 morgon, då varsla dei norvestleg storm, so på det gjeng mi til køys. I middagstida slitna plenta i land, det bles so det var ikkje snakk um aa laare lettbaatane. Laarte notbaaten og var i land aa henta resten av plenta. Gjekk so innover Bærøyfjorden og varpa på sydsida til Bærøy. 6 kveld hivde upp og gjekk nordover og varpa eit stykkje syd for Moster. 12 natt var aa lodda men ikkje sild.

5. 6 morgon flytte paanytt, der var noko sild men for djupt. 7 morgon gjekk upp under land varpa og sette tampa i land. Drakk kaffi og gjekk til køys. 8 kveld ligg på same plassen, var ein tur aa lodda gjennom fleire ljøs men ikkje sild. Det er fleire baatar som er gaatt nordover i dag. Men det er berre kuling og storm kvar einaste dag. So der er ikkje raad nord um Stadt helder.

6. Tørna ut 4 morgon men det er vistnok aldeles slutt med aa kjenne noko på loddet. Og folk er nokso trege aa rope i radio med, dei er med andre ord aat aa verte nokso sløve av seg. Dei faa som pratar vil berre nordover. Her er no aat aa verte nokso grise langs med landet. 8 morgon Moster havn tvers på tur nordover, det er i dag nokso gode veirmeldingar over heile kysten. Kom til Bergen 3-4 e.m. lagde til Møllenpris. Karane var no paaland aa provianterte, fekk seg pakka store og små etter som pengane rakk. Her var fleire baatar inne so pole hadde vist ein bra dag.

7. Um morgonen i 8 tida utpurring, tok baatarne og gjekk nordover. I middagstida høyrde i radio at der var gode sildesyner syd for Feie ved ”Hernar”. Kom dit over middag, masser av fugl og fleire landnotsteng. Utover ettermiddagen vart der stor kasting, og nye baatar kom til baade frå nord og syd. Mi kasta 2 gonger men det vart bom. Dei kasta til samds nesten dei baatar som var her og silda laag turr på sjøen snart her og snart der. Mi tok lag med ”Greif” som hadde eit bra landsteng, so ei 5000-6000 hl. lagde ”Kviteggen” til nota og gjorde eit ovkast. So tok straumen til aa renna, det knaka snart her pg snart der. . Nota vart avslita på 2 plasar, og alt mi berga var 700 hl. Som ventande var vart skrubben nokso motfallen når han tenkte på silda som strauk. Ellest var vistnok en masse skrubb som fekk ei lang nase, for straumen hadde øydelagt alle steng. Berre ubetydeleg vart berga av all silda som stod i steng. Berre ei mengd ramponert nøter. Um natti bles det upp.

8. 9 morgon tok baatarne då det var berre kuling. Gjekk til Bergen 7 kveld ligg i Florvaag aa leverer til Gjertsen & Co. 10 kveld ferdig med leveringja av 744 hl. delt på tvo. 372 på kvar.

9. 9 morgon gjekk frå Bergen. Dokkeskjær over middag, varpa på Hjelmelandsvaagen. Det var noe ein heil storm av nordvest. Hadde oss ein prai med ”Greif”. Gjekk so eit stykkje sydover og varpa på Vestervaagen.

10. Sundag 10 morgon hivde upp aa bjønde gaa nordover, i dag sydvestleg frisk bris. ½ 11 f.m. Feie tvers, 1 middag forbi Brattholm lykt, innløpet Steinsund. Sidan mi gjekk frå Feie hev mi møtt masse lastebaatar, kring ei 30 stykkje. Her paa Laagefjorden ligg ei 50 stykkje, so mi hev gaat forbi 80 baat på 2-3 timar. Attaat er vel ein heil del gaat nordover. Ein konvoi er nok komen inn, og ein skal gaa ut. 2 e.m. passerer Skomakaren, 2. 45 Alden tvers. Kl. 5 e.m. til Florøy. Veirmeldingja i morgon, Vestleg- nordvestleg kuling.

11. Ligg i Florøy, Kuling.

12. Gjekk frå Florøy 9 morgon, gjekk ut Hellefjorden, det er bra stilt, men noko stor sjø. I middagstida ligg vestav Ytterøyane, høyrde i eteren at det var stor kasting vest av Espevær, men faa som fær sild. Laag ei tid aa spekulerte på kva som skulde gjerast, det var ei 10 baatar som hadde faat fangstar frå få -700 hl. Bjønde aa gaa nord, gjekk ytre ikkje noko utsikter. Varpa uppunder Skorpå.

13. Hivde upp 8 morgon gjekk utover til Svinøya, det er ein nordleg bris. Her ligg nokre baatar rundt i kring, men her er ingen sildesyner. Laarte lettbaaten og var umbord i ein motorbaat og kjøpte oss kokefisk. 10 f.m. bjønde aa gaa mot ”Byen”, dei hev no snakka med ”Junior” i telefonen, og er vistnok bestemt på aa gaa i Spjelkavika aa hive ”sarve” som dei seier, påland. Kom igjennom nøre Vaulen, var det plutselig stopp i maskina. Dei vil vist stoppe og tenkje. Radio melde at ”Suløy” hadde kasta utunder Sandsøya, full fart utjen? ”Suløy” og ”Nordøy” som kasta fyst, fekk 300-500 hl. Kom til Aalesund 8 kveld.

14. Um morgonen i 7 tida gjekk til Spjelkavika aa hengde nøterne. I middagstida gjekk til ”Byen” hadde resten paaland. So um kvelden var det berre baatarne igjen.

15. Hadde paaland baatarne, godt veir.

16. Pakking og forstyrelse.

Heimreis.

Levert sild 1940. 9. januar. Hovsøya 586 hl. 12. ” Dokkeskjær 342 ” 14. ” Brandasund 329 ” 24. ” Kopervik 262 ” 25. ” Gavlen, Haugesund 1093 ” 26. ” Salhus 667 ” 28. ” Staalhuset, samfiskje ”Elgbrand” 2000 hl. 1000 ” 31. ” Stavanger 301 ” 8. februar Vedde 718 ” 12. ” Kjøleanlegget 1050 ” 14. ” Aalesund 1645 ” 17. ” Sælneset 678 ” 20. ” Hogsholmen 282 ” 2. Mars Haugesund 336 ” 5. ” Florvaag 372 ” Sum levert sildefiskja 1940. 9661 hl.