Då fonna fyllte Kolåsfossen og elva tok far gjennom snøen mot Flatmark!

Magne Kolås minnest vinteren 1952/53:


Fonna måtte ha gått om natta, eller tidleg morgon. Snøraset frå Aarsæthergjølet hadde fyllt heile elva ved Kolåsfossen, slik at vatnet frå Romedalselva tok nytt far rett mot stovehuset på Flatmark.Men heldigvis svinga den klar både fjøsen og stovehuset og vedahuset som stod oppom vegen. Eg huksar godt at når eg stod opp, og gjekk ned loftstrappa og steig ned på det eg trudde var golvteppet og fast golv, låg det og flaut i vatnet. Det viste seg også at heile kjellaren var fyllt med vatn opp til golva i 1. etasje.

Det vart laga demning av tung snø, gjerestolper og stein for å få vatnet tilbake i sitt rette løp, etter det vart sprengt hol i snøraset. Vegen var sjølvsagt fyllt med sørpe, og det måtte brukast bulldozar for å åpne den. I fjøsen stod dyra, men heldigvis hadde det gått bra der. I kjellaren vår hadde vi vore plaga med både mus og rotter. Men etter dette var det heilt reint for slike udyr. Enten hadde dei drukna eller rømt for godt!

Frå billedarkiv:

(1)Her står Magne Kolås på raset etter det vart sprengt hol i raset så elva fekk renne i sitt normale løp.
(2)Stove og vedahus med snøsørpa midt i mellom. Vegen var også fyllt med sørpe, der var buldoser for å opne den.
(3) Syner elvafaret mot og nær vedahuset.
(4)Her viser tydelig fremste del av det nye elvefaret etter at vatnet var leia tilbake til sitt normale løp.
(5) Her ser vi frå v: Magne med Svein på armen, Einar, Marry og Jorun, alle Kolås.

Magne_Kolås_på_fonna_etter_det_var_sprengt_hol stove_og_vedahus elvefar_mot_vedahus Elvafar Born