Frå Asbjørn Øye sine samlingar og skriv!


Det er grunn til å minne om at det har blese i Follestaddalen før i tida også.
Les denne artikkelen om hardversundagen i 1884.


fyldal

Hardversundagen

Berte O. Øye fortalde i 1932¨¨Det var den 20. januar 1884. Nils og eg var med kyrkje. Det var snøbert, og vi køyrde med kjerre. Ho godmor Kanutte og ho Ane Fyldal, syster til Nils, køyrde seg med oss. Medan vi sat i kyrkja, tok det til å blåse frå nord-vest. Det teikna til retteleg uver. På vegen framatt auka stormen på, smått om senn. Då vi kom fram til Bardstad, ville ho godmor opp til dottera, ho Berte Bardstad. Og bra var det, for då fekk vi køyre fortare.

Då vi kom fram til Jakobs- -plassen, såg vi at det var laust ljos fram i Fyldalen, og det i slikt ver. Det synte seg å vere berre ei skorsteinpipe som brann av ein pipebrann. Vi køyrde opp i Fyldalgarden, og Nils bar inn henne Ane, som var giktbrota. Då kom det ei vindflage og tok kjerresetet og hivde det inn under buda, så det vart knust. Det var vår lukke for då fekk vi setje oss ned i kjerre- -botnen då vi skulle over Fyldalvadet og bort til Øy. Når dei verste vind- -flagene kom, vart vatnet i Storelva blåse opp i lufta, så elva vart mest turr.

Då vi kom framatt i Nils-garden, såg der ikkje rart ut. Det hadde dreve inn vatn, og heile golvet var vått. Vinden hadde slengt ei glasrute inn i inste veggen. Dei hadde ikkje tora å leggja i omnen, så der var kaldt. Ein skreppehandlar møtte vi i kjellardøra, for han torde ikkje vere oppe i stova. Han Nils sprette frå kjerra, men ville ikkje ha ho under buda som vanleg, då han var redd ho ville blåse ned. Men så med eitt såg vi at vinden tok kjerra fram over marka som eit lyn, og knuste henne til pinneved. Det var berre hjula som var heile. Så bles taket av løa. Vinden tok så den store hella på skorsteinen, sjølv om der låg ein liten slipestein på ho. Hella vart kasta ned på marka og vart ståande på kant ned i jorda.

Kvinnfolka som var med kyrkje, var ille ute då dei gjekk framatt. Ho Hans-Lars-Ingeborg kom seg fram på Holane. Men der måtte ho legge seg ned på marka og halde seg fast i ein bytestein på Hans-teigen ei heil stund. Ja kven skulle tru at det var ein slik hardvers-dag på Øy.

Ein annan gong tok hardveret Ellinge-buda og Nils-buda. Seinhausten i 1912 med vi sat og åt, kom eit vindkast og saug ut glas. Lampen slokna og gardina for ut. Det vart kolmørkt samstundes som vi høyrde det knasa og braka på loftet. Då reiv stormen torvtaket av nedste enden av stova på heimste sida. Flaggstonga vart blåsen ned, fleire graner vart totvelte, og jamvel steingardar vart blåse steinar av.