aksjonærsiden_ingen_tilgang_uten_kode













Øyadalen småkraftverk vart sett i drift i 2008.


Nokre billedglimt frå anlegget og Harpedalsområdet.

stasjonsbygget_vårt

fra_maskinhallen

utsikt_over_harpedalsvatnet_fra_hornkollen

naust_under_bygging

demning







Billedtekster: Vi ser her den nybygde kraftstasjonen, harpedalsvatnet ovanifrå, frå dugnadsarbeidet, og frå dambygginga.

Litt om Kraftverket og Harpedalen:


Kraftverket vart sett idrift i november 2008 (terrengoppussinga ferdig i 2010). Naustet er ikkje der idag, båten står i staden i lukehuset. Nokre tekniske data: Smådalselva er overført til Harpedalsvatnet gjennom 500m rørgate, Harpedalsvatnet har inntaksmagasin med 2 m regulering pluss at det er bygd 2 høg flaumdemping med V-overløp. Så 1700m trykkrørgate ned til kraftstasjonen i Langeryggen som då kan yte 1900kilovatt og produsere 7 millionar kilowatttimar pr år (tilsvarande eit forbruk til ca 350 husstandar).

Meglar Jon N. Øie var ein mann som hadde mange interesser. Han var mellom anna svært glad i Harpedalen. Han sette ut fisk i vatnet på 1930 talet, og bygde både hytte og naust. Båt vart dregen opp på dugnad. Harpedalen er svært utsett for kastevindar, og fyrste hytta vart øydelagt. Han bygde ny som var støypt av betong. Den står framleis, og er no overtatt av grunneigarane på Øy. Men dei vil ta vare på både fiskemiljøet og det rekreasjonsområdet som Harpedalen er. Fisk er derfor sett ut både i Harpedalsvatnet og Kalvedalsvatnet. Harpedalselva har alltid vore ei flaumelv og ein trusel for gardbrukarane på Øy. Kraftutbygginga og reguleringa av vatnet gir ein god flaumdempande effekt, og dermed større sikkerheit mot vasskadar nedover mot Øy. Vatnet ligg svært godt tilrette for regulering. Denne kunne kanskje vore noko større, uten at det går ut over bruken av området.

Billedtekster: (Kjem)

stasjonsbygget_vårt

slik_såg_utsikta_frå_øyahornet_ut_på_1930_talet

Oversikt_fyrste_hytta_og_naustet

fisketur_i_Harpedalen_1934

jon_øie_ved_fyrste_hytta_si_1933

" />








Billedtekster: