"Sjølvsmyrjande rjomegraut og feit dalemjølk" i Follestaddalen i 1922


Follestaddalen

Av Nils E. Øy

Det er sundag 25. juni 1922. Ei lang karavane med gardbrukarar frå Follestaddalen og Åmdalen køyrer "kjirkekjerrene" sine frå Folkehøgskulen og fram til skulen i Follestaddalen.
Det er Ørsta kommune og bygdefolket som har bede Fylkestinget i Møre og Romsdal på utflukt. På biletet er dei på veg over Mo-sletta, med Nivane, Vallahornet og Saudehornet i bakgrunnen. Lars Foldal, som lenge budde i Molde, meiner at det er Lars K. Foldal (Fyldal-Lalli) som køyrer fremst, med "Lars-merra". Nummer to i rekka kan være Andreas Halse Myklebust, medan tredjemann truleg er frå Åmdalen.

I 1922 hadde fylket vårt nyss fått sitt nye namn; Møre og Romsdal Fylke. Inntil 1918 var namnet Romsdals Amt, på same måte som Ørsta inntil 1918 bar namnet Ørsten. På fylkestinget sat alle ordførarane i fylket, under leiing av fylkesmann Vik, og på den tida hadde dei god tid: Tinget sat samla på Møre Folehøgskule i meir enn to veker, frå 14. til 30. juni, og behandla heile 179 saker(!).

Ørstingane meinte at politikarane fortjente ein avbrekk i dei lange forhandlingsdagene, og slik vart dei bedt på utflukt. Bøndene på dalane fekk beskjed om å vaske "kjirkekjerrene", strigle og pusse hestane og stille ved folkehøgskulen nede i Vik. Kvinnene vart bedne om å koka rjomegraut, bake lefse og koke søst, og å ta med småkakar til skulehuset i Follestaddalen - der festen skulle vere.

Kommunen ville gjerne vise fram den finaste skulen i bygda på den tid. Follestaddalen skule, opprinneleg bygd 1901-02, vart påbygd og opp-pussa i 1920. På den tid var skulen her i dalen den tredje største i bygda, med sine 60 elevar. Velle skule hadde 222 og Hovden 77 elevar.
I avisa "Sunnmøre", som kom ut i Ørstavik på den tida, var A. Hjellbakke bladstyrer og han skrytte mykje av arrangementet i Follestaddalen:

"Fylkestinget hadde igaar ei sers velluka utferd til Follestaddalen. Ørstingane møtte upp med hesteskyss og i straalande solskin gjekk turen til Follestaddalens skulehus, der Ørsta kommune med Knut Foldal som kjøkemeistar baud paa prima sjølvsmyrjande rjomegraut med feit dalemjølk til."

Det vart halde ei lang rekke taler med hyldest til dalen og bygda, med "3 x 3 hurra for Follestaddalen" og fleire nasjonale sanger vart framførde. Ute på skuleplassen sto det tett med folk under heile arrangementet, og etter at ordfører Lauritz N. Myklebust hadde presentert fylkesmann Vik for folkemengda, sto Vik opp og takka for fin mottakelse, og deklamerte med stor patos:
"Kom til den fagre Follestaddal, til Kolåstindens svimlande portal, osv."

"Etter kaffen gjekk turen um Aamaasen, ned Melssida og heimatt i 9-tidi um kvelden", skrev Hjellbakke etterpå, og avsluttet: "Alle var samd i at det var ein hugnadstur i alle maatar, fager var dalen og vertskapet heldt maal med det beste."

Takk til Sunnmørsposten som har tatt vare på biletet og lånt det ut til sogelaget. Kunstmålar Nils Angell Brekke er oppgitt som fotograf, han var bror til den fagutdanna fotografen Ansgar Brekke som lenge hadde eige atelier og forretning i Ørstavik.

Kanskje finst det fleire bileter rundt på gardene i dalen frå denne utflukta i 1922?