Stubbar frå Follestaddalen


Eg har med stor interesse lese Årsskrift nr. 2, frå Follestaddalen sogelag. Då eg las innhaldet, dukka det opp ein del hendingar frå yngre år, som eg fekk lyst til å skrive ned, slik eg hugsar det. Eg kallar det Stubbar frå Follestaddalen.
Kopervik mars 2007
Hans Foldal

OKSEKAMP I KVANNDALEN.

Då eg voks opp var det vanleg med ”storokse” rundt om på gardane. I Fyldalen var det ein, der stell og foring gjekk på omgang mellom eigarane. Sumarstid vart dei sende på beite i Kvanndalen, ovanfor Bjørdalen. Eg var gutunge då dette hende, i krigsåra. Då sumaren kom skulle vi i Guttormegarden syte for at oksen kom seg på beite i Kvanndalen, ettersom han hadde vore hjå oss denne vinteren. Transporten gjekk til fots, og eg var med far på turen, ein fin og solrik dag. Oksen vår var roleg og lett å ha med å gjere. Då vi kom nedover til Barstad vart vi tekne att av Rebbestadkaraneog storoksen deira. Det var to velvaksne karar med, og det viste seg å vere heilt nødvendig. Oksen hadde nasering med tau i, i tillegg til vanleg grime (vår okse hadde berre vanleg grime), og fotband rundt høgre framfoten. Rebbestadoksen var heller villstyren av seg, og det vart ofte bruk for fotbandet, fordi oksen rett som det var gjorde utfall mot dei som leidde på han, og andre møtande (gåande eller syklistar). Meir enn ein gong hamna både oksen og delvis karane utanfor vegkanten når ”anfalla” kom, og fotbandet måtte takast i bruk, delvis saman med naseringen, for å hidre at nokon vart skada. Eg hugsar enno godt at både oksen og mannen med fotbandet hamna i ein runn(buskas) like nedanfor vegen inne på Åmdalen. Det må seiast at oksen var velfødd og i god fysisk form. Etter kvart kom vi opp i Kvanndalen. Der måtte det rivast hol i ein solid steingard, for å sleppe oksane inn. Ei vanleg tregrind ville ikkje klart å stoppe oksane, om dei skulle få lyst til ein tur utanom inngjerdinga. Oksane kom vel inn, og fekk høve til å ”helse” på kvarandre. Så skulle dei måle krefter, og rende i hop med skallane så det small. Duellen skjedde i ei heller bratt skråning like ovanfor Kvanndalsvatnet. Vår okse stod i motbakke då striden byrja, og eg rekna med at dette var lett match for Rebbestadoksen, som dessutan var noko yngre og hissigare enn Fyldaloksen, som gradvis seig bakover(nedover) bakken. Men samstundes med at han seig nedover vreid han seg gradvis rundt, slik at han kom på høgde med motparten. Så skjedde det på mindre enn eitt sekund at Fyldaloksen kasta seg lynsnart rundt, slik at han kom på oppsida av den andre, og like raskt stakk han den kraftige nakken/hovudet under vomma på Rebbestadoksen, som med eitt vart kasta som ein dott lukst ut i Kvanndalsvatnet, med eit fælande plask. Sigerherren stod triumferande att på stranda og bura, og taparen våga ikkje å symje i land der han stod. I staden tok han kursen mot land om lag der steingarden gjekk ut i vatnet, og alle dei tre vaksne karane sprang ned mot vatnet og kasta stein for å hindre at oksen kom opp av vatnet på utsida av gjerdet. Og det gjekk bra,heldigvis. Det var no tid for ei skikkeleg matrast, alle hadde med seg bra med niste, men på turen oppover til Kvanndalen vart det heller lite tid til matpausar. Det tok vi igjen no, når oksane var vel forvarte innanfor steingjerdet. Heimturen gjekk og bra, vi hadde hatt med ein sykkel som vi leidde med osspåframturen, så det gjekk greit å kome fram i Follestaddalen igjen.

TRUSKING MED DRIFT FRÅ LARSKVERNA.

Dette reknar eg med skjedde før siste krig, for etter kvart kom det elektriske motorar rundt om på gardane, som tok over drifta av mellom anna truskemaskinene. Men eg hugsar at me brukte strengeoverføringar frå Larskverna, som stod på framsida av Fyldalgjølet/elva, om lag 100 m ovanfor vegen. Kvernsteinen vart lyfta opp litt, og så vart det montert ein stokk med hakk i ned på kverkallakslingen, der det var ein travers for feste av kvernsteinen. På toppen av denne stokken/treakslingen var det eit stort trehjul med spor i. I dette sporet vart lagt ein hesjestreng, litt tjukk, som gjekk ut gjennom hol i kvernhusveggen. Hola var laga nettopp for slik bruk(overføring av drift). Så vart det sett opp trinser av tre, festa til stokkar, bortover jordene. På desse trinsene gjekk så hesjestrengen, og denne enda til slutt i ein utvekslar, med eit etter måten lite hjul på strengesida, og eit monaleg større hjul på den andre. Ved at drivhjulet på truskemaskinen var mindre, fekk ein auka farten til høveleg storleik. Overføringa til truskemaskina var vel helst av tau, men vanleg reim kunne og nyttast. Så var det å sleppe på kvernvatnet, så truskinga kunne kome i gang. Det hende nok at hesjestrengen slitna, det var lange overføringar. Men då var det berre å stoppe truskinga, skøyte saman strengen, og gå vidare att. Ein kunne ikkje leggje for mykje inn i maskina under arbeidet, då kunne det heile lett stoppe opp, fordi hesjestrengen kunne ta til å slura. Men etter kvart overtok elektromotorane, og truskeverka. Og no er det vel knapt nokon som truskar i Follestaddalen lenger.

HESJING I NILSGARDEN PÅ ØY.

Denne stubben meiner eg å ha blitt fortalt av Laurits Foldal(Storteig Laurits) Lars Øye (Nils Lars) hadde overteke farsgarden. Yngste broren var av dei få som fekk gå på skule den tida (mellomkrigstida, og like før). Han studerte då ved Norges Landbrukshøgskole på Ås, og var heime i slåttonna og hjelpte til. På skulen hadde han lært mykje nytt, og meinte mellom anna at det var heilt unødvendig å bruke skorer på hesjane. Broren Nils Lars var ikkje samd, men gav til slutt etter for maset, og broren(Asbjørn) fekk viljen sin. Hesja vart fylt med gras, og så gjekk slåttefolket inn til middag. Etter middag og ei kvild kom dei ut att. Då låg hesja flat. Då såg Nils Lars bort på broren, og så sa han om lag desse orda: ”Der kan du sjå kva slags idiot det har vorte av deg”. Etter den tid var det ikkje meir snakk om å sløyfe bruk av skorer på hesjane i Nilsgarden.

REGULERING AV STORELVA

Storelva gjekk tidlegare i mange krokar/svingar, og hadde dessutan mange stader også lita breidde på elveløpet. Det førte til at når det regna mykje, gjerne kombinert med snøsmelting, gjekk elva ofte over breiddene, og gjorde til dels stor skade. (Eg kan hugse at vegen på Myklebustsida av Skulebrua ofte var blokkert av vassfløde, slik at det enten var uråd å kome til skulen eller frå skulen, utan hjelp av vaksne folk med lange støvlar. Mang ein gang vart eg boren på ryggen av ein vaksen til/frå skulen). Som ei fylgje av dette vart Follestaddølene samde om å få utført regulering av elva. Dette vart gjennomført ikkje så mange år etter siste krig. Det var delte meiningar om storleiken på det nye elveløpet, som vart fastsett av Vassdragsvesenet. På de tida var det Follestaddalen Trafikklag som dreiv både bussrute og mjølkerute. Bussen vart køyrd av Ola Odd (Odd Follestad), som kunne vera nokså slagferdig av seg. Ein dag sat nokre karar i bussen og diskuterte elvereguleringa, mellom dei Pål Laurits (Laurits P Myklebust). Han meinte at elva vart laga alt for brei, og sa om lag slik: ”Eg skal påta meg å drikke kvar ein drope som renn over elvebardane”. Ola Odd merka seg dette, og var ikkje heilt samd. Ikkje så lenge etterpå vart det eit fælande regnvær, og elva gjekk litt over kantane mange stader(utan å gjere skade), mellom anna på Myklebust. Dagen etter kom Pål Laurits på bussen, og då han skulle betale bemerka Ola Odd: ”Du har vel fått drukke deg utyst i natt håper eg”.

HERREDSSKOGMESTER HANS S. BARSTAD.

Dette fortalde far min for mange år sidan: Hans S. Barstad var ein av få som fekk høve til utdanning tidleg i førre århundre. Han vart etter kvart herredsskogmester,og la vekt på det formelle, også etter at han hadde gått av med pensjon. Han ville at alle som vende seg til han skulle nytte tittelen ”forhenværende herredsskogmester”. Så var det ein som hadde sett seg grundig lei på dette snobberiet. Han sende brev til han under fylgjande adresse: Forhenværende H. S. Barstad. Adressaten vart fykande sint!

SPRETTHOPPING I LARSRABBEN:

I barneåra dreiv vi mykje med skihopping i Larsrabben, rett ovanfor der Larsgarden no ligg. Det var vel Hallvard, Magne og eg for det meste. Ingen av oss var særleg gode i bakken, men vi kom då ganske langt ned i bakken likevel, p.g.a. god sprett på hoppet. Spretten var vi vel innøvde med, og det gjekk fint. Så fekk vi vitjing i bakken av ”Ella” (Erling Foldal) og han ville vise oss korleis vi skulle hoppe for å bli gode. Det må seiast at han låg opp til fleire klasser over oss i hoppbakken. Det han ikkje merka seg var spretten på hoppkanten. Han rusla opp på toppen, tok god fart, og satsa slik det sømer seg ein bra hoppar. Resultatet vart att skiene la seg nesten heilt ned på skuldrane, og Ella enda med reva først nesten heilt ned i overgangen på bakken, og der vart han sitjande medan vi ”elevane” storlog. Det vart ikkje fleire undervisningshopp!

GLASSTEINEN.

Du Torill veit vel kanskje om denne steinen, som er å finne på Fyldalheida . Dette er ein stor flat stein som ligg litt ovanfor og til venstre for den øvste heidahytta (Hanshytta). Frå denne steinen, som er nokså flat og vid, kan ein sjå over heile Heidaområdet (veit ikkje om det er tilfelle i dag p.g.a. skog som er komen opp). Eg brukte nesten alltid å gå opp på denne steinen sumarstid, når eg var oppe på heida, då ein såg så godt ut over landskapet. Namnet kjem vistnok av gløsing(sjåing- av verbet å sjå). Namnet er difor gjerne ei omskriving av gløsarsteinen, som så har blitt til glassteinen. Elles kan nemnast at området ved hyttene, 3 stk, var inngjerda med ein steingard, Heidagjerdet. Restane er godt synlege enno. Hyttene ligg i ytrekanten av gjerdet. Steingarden vart i si tid sett opp som vern mot bjørnen. Kyrne vart då samla inne i gjerdet, dersom bjørnen var på ferde.

OLA ELLINGE PÅ BILTUR.

Dette er eg blitt fortalt av andre, då Ola Ellinge er så mykje eldre enn eg at eg ikkje kjenner noko til han. Ola Ellinge reiste til Amerika i yngre dagar, men kom attende på besøk imellomkrigstida. Då hadde han bil med, noko som var sjeldsynt i dei dagar. Ein fin sundagsmorgon var han på biltur. Han kom køyrande langs ei høg vegskråning. På toppen av skråninga sat ei bondekone med ryggen mot vegen og gjorde frå seg på naturens vegne. Då drog han i fløyta på bilen. Bilhorna den tida hadde ein nokså grov og iøyrefallande lyd. Kona vart så forskrekka av lyden at ho trilla bakover nedetter skråninga, vatnet skvatt av henne som av ein slipestein, alt dette ifylgje Ola Ellinge. Om soga er heilt sann er vel ikkje så sikkert, men den er i alle høve god.

PLØYING MED BLOKK OG WIRE.

Før traktoren si tid var det vanleg å ha to hestar når det skulle pløyast ny åker av atteleger, fordi det var for tungt arbeid for ein hest åleine. Det vart ordna ved at ein lånte hest/merr på ein av grannegardane til denne pløyinga. Men det var ikkje alltid det passa like godt å låne merr når ein fann tida inne til pløying. Dels kunne det vere at grannen sjølv trengde merra si, dels kunne det vera at dei to øykjene ikke drog særleg godt saman, d.v.s.den eine sakka akterut, så den andre måtte dra det meste åleine. Eg hugsar at far nytta ein lang stålwire, som gjekk gjennom ei enkelskoren stubbebrytarblokk festa framme på plogen,med krok i enden. Den andre enden av wiren var festa 5-6 meter utanfor(bortanfor) det stykket som skulle pløyast opp. Så spente han merra føre kroken som var festa i plogen. Merra gjekk då dobbelt så langt som plogen før plogen var til endes. Dermed vart det berre halvparten så tungt som når draget var festa direkte til plogen. På den måten vart det altså like lett for ei merr å dra plogen som for to øykjer med direkte dragfeste på plogen. Same metoden vart elles nytta for å heise turrhøyet opp på høystålet sumarstid (blokk og stålwire).

FLYTTING AV HANSLARSSTOVA PÅ ØY.

Det hadde nett vore utskifting på Øy, og to av gardane måtte flytte ut av klyngetunet, som låg om lag der Olagarden er i dag. Dei som måtte bort var Hansgarden og Hanslarsgarden. Så langt eg hugsar var dette like før krigen? Hansgarden reiv husa og bygde nytt, medan stovehuset på Hanslarsgarden vart flytta heilt. Det var Bakke Ola (frå Rebbestad) som flytta huset heilt. Det tok si tid, eg hugsar godt at vi fylgde med kor mykje det flytta seg frå dag til dag. Alt gjekk fint, og Susanna Øye, kona til Laurits koka mat kvar dag(vedomn) under flyttinga. Og huset står der den dag i dag, men er påbygd ein etasje etter flyttinga. Far min fortalde at Pe gamle Berte (oldemor til Asbjørn Foldal) sa om lag fylgjande då Hanslarsstova vart plassert på dei nye murane: ”Hadde Hanslars Laurits sett det eg har sett, så hadde han ikkje sett stova si der”. Ho hadde i si tid opplevd snøfonn nedover Øyahornet (Skareelvane), som gjekk der Hanslarsgarden no står. Men det har no gått bra, og det er mykje skog i området, som ikkje var der då Pe gamle Berte var ung(før år 1900). Det er vel difor ikkje grunn til å vere uroleg i dag, fordi tilhøva er heilt annleis enn dei var for godt over 100 år sidan (mykje meir skog).

KAPPSYKLING.

Alf og Johannes Rebbestad vart samde om at dei skulle finne ut kven av dei som var beste syklisten. Start vart avtala etter arbeidstid, båe arbeidde nede i Vik. (Ørstavik). Tevlinga fann stad like etter sist krig, og konkurransen skulle gå frå Vik og fram til Høgebrua. Båe var i bra form, men Johannes var utan tvil den mest uthaldande. Dei la i veg båe to, og Alf sette opp ein voldsom fart i starten, så Johannes vart hengande etter. Men kondisjonen til Alf var det heller dårleg stelt med, så når dei hadde passert Brekke hadde Johannes om lag teke att Alf. Med hjelp av sine siste krefter sette Alf inn ein sluttspurt, som var heller kort, men lang nok til at Johannes gav opp, då han trudde at Alf var i kjempeform då han på nytt drog frå. Dette var akkurat nok til at Alf nådde Høgebrua fyrst, heilt utsliten, medan Johannes hadde massevis av krefter igjen vidare til turen framover Follestaddalen. Men konkurransen vann Alf, p.g.a. god strategi. (Fritt gjenfortalt etter opplysning får ein av dei tevlande syklistane, Alf).

VASSFLØDE I FYLDALEN.

Dette hende i krigsåra, truleg i 1943, eller kanskje eitt år før eller etter. Hallvard,Magne og eg hadde planlagt fisketur til Ljøsadalen, og ein laurdag la vi i veg, med telt, niste og fiskeutstyr. Været var bra då vi starta, men då vi kom opp i Ljøsadalen tok det etterkvart til å blåse ganske kraftig, med hissige rykk, så vi måtte bardunere teltet godt. Men vi tykte sjølve at vi hadde det rimeleg bra, og dreiv og fiska då far (Guttorm) brått dukka opp utpå kvelden, og ville at vi skulle pakke saman og kome oss nedatt. Eg hugsar at eg vart både harm og lei for at det akkurat var far min som kom. Men vi måtte berre finne oss i å pakke saman, og drog nedover att. Heimturen gjekk fint, og i ettertid skulle det vise seg at det var lurt at vi var komne vel i hus alt laurdag. Sundagsmorgonen vakna eg/vi til eit ofseleg regnvær, det auste ned. Regnværet var veldig lokalt, i Fyldalen og på Fyldalheia. Fyldalselva tok seg nytt far nedover jordene mellom Midtgarden og klyngjetunet i Fyldalen. Eg trur at spora etter elvefaret enno kan finnast, like sør og vest for huset til Søvik, på Midtgarden (det kan vel kanskje vere utfylt med masse no?) Det vart eit fælande oppryddingsarbeid etter flaumen, verst gjekk det ut over Larsgarden og Guttormegarden, men også Midtgarden, Langstøyl og delvis Hansgarden fekk skader. Dersom vi ikkje hadde kome oss nedatt frå Ljøsadalen på laurdag, hadde vi truleg fått alvorlege problem med å kome oss heim att i det heile, fordi alle elvane og bekkene oppe på Heida var kjempestore, og ikkje til å kome over til fots. Det hender altså at dei vaksne kan ha betre vet enn gutungar i 10-12 års alderen!!