Meir om treskeverket!

Treskeverk Thermænius D 14 Patent AB Joh. Termænius Patent D 14. Hallsberg, Sweden Klass D 14 no. 35757 Tilverkningsår 1945. Importør: Kullberg & Co, Oslo.


Opplysningar frå Hans Øye, Magne Kolås og Malvin Øye:
Treskeverket var innkjøpt av alle gardane på Øy ca. 1946, vi meiner og huske at det var brukt til rundt 1950. Det var køyrt mellom gardane med hest og inn på låven. Det gjekk på 4 jernhjul. Det vart drive av den 5,5 hk.store gardsmotoren.(Som var felles og vart brukt rundt på gardane etter behov) Treskeverket hadde alt i ett, dryftemaskin og kornrensing. Heile kornbanda vart lagt inn i eine enden, og halmen og agnene kom ut i den andre. Kornet vart tappa ned i strisekker på sida, der var 3 uttak for avtapping av korn som kunne stenges og opnast. Mos-smeden laga dei fire jernhjula som vart sette på, framme var det sving og drag for hest. Etter at det vart slutt og bruke det, skulle det seljast til Haram, men Sverre S. Kolås nekta. Derfor vart det forlangt at det skulle plaseres i løda på Flatmark,og der vart det ståande i mange år. Seinare har det stått i løda på Øyehaug (pelsfarmen), og der står det enno. Syns det virker lite men eg har vel ikkje sett det sidan eg var ca. 7 år.(Malvin) Den siste eg kan huske som dyrka korn på Øy,var Ola L Øye, ca. 1954. Då kom ein frå Volda med ei maskin som han drog med ein grå Ferguson. Maskina gjekk litt til sida for traktoren så den ikkje skulle trakke ned kornet. Kornet vart samla i strisekker, eller var det i tilhenger? Halmen kom ut bak. Det måtte vere en tidlig utgåve av skurtreskeren.

Frå billedarkiv:

Bildet frå Flatmark er frå 1963 og syner garden og løda der treskeverket vart lagra. Heilt til høgre i billedkanten skimtar vi kvennhuset som vart brukt til å male kornet frå treskeverket siste gongen det var i bruk på garden. Ellers ser vi også på dette bildet bygdevegen som gjekk tvers gjennom tunet. (Kilde: Magne Kolås)

Flatmark Drivreimer Dryftedel Dryftedel2 Reimer Kornrensing Kornsamler Motorreimhjul