Velkomen til Follestaddalen Sogelag!

***** Vi i Sogelaget ynskjer alle våre medlemar eit godt år i 2013. Husk oss om du kjem over noko som bør takast vare på for ettertida! ****


Takk for at du vitjar oss:

Citroen Klekkeriet Anna_Lillesæter Frå_Myklebust Harpedalen_1933 Frå_Nilsgarden Øyagutar1955





Styret og kontaktpersonar i Sogelaget i 2012:

Formann: Asbjørn Aarseth (asaar@tussa.com)
Nestformann: Erling Driveklepp (e.o.driveklepp@tussa.com)
Skrivar: Nils Myklebust(nils.myklebust@tussa.com)
Kasserar: Margrete Olaug Foldal Yksnøy(margrete_y@hotmail.com)
Internett og film/video: Tor Øye(toroye@tussa.com)
Billedarkiv: Malvin Øye (malvinoy@hotmail.com)








Meld deg inn som medlem og støtt oss!

So lett er det å bli medlem: Klikk på Innmeldingsblanketten

Medlemskapet kostar kun kr. 100 pr. år. Også i 2012. Du får mange godbitar tilbake.
Mellom anna lagar vi kvart år eit fyldig årskrift.










Litt om Sogelaget: Eg vart fødd ein vinterdag i 2005 på den nedlagde barneskulen i Follestaddalen. Korleis oppvekst og framtid vert, veit eg lite om. Men eg er heilt sikker på at det er bruk for meg. For å gå inn i framtida må vi ta vare på fortida. Derfor håper eg på god hjelp til dette arbeidet frå intresserte follestaddalingar.
Kanskje du til og med er ein utflytt follestaddaling som veit mykje, og lengtar heim. Då kan du hjelpe oss via internett.

Hei - har du opplysningar til oss.
Skriv her og send.





God Påske til alle! Nyt sola og skiføret - men vær varsam og tenk på snøskredfaren!!
På bildet under ser du korleis langstøylfonna gjekk i 1968. Sjølv med mykje snø - hadde ingen venta dette!

langstøylfonna68

Huskar du skuleorgelet frå gamleskulen i dalen? Noko å take vare på?
Men det nyttar ikkje med flate trøder - noko må i så fall gjerast!


Skuleorgel

Sjå og møteforumboka vår, eller facebook.


Sogelagets årskrift 2012 er klart!

Årskrift_2012

Årets hefte kan kjøpast hos Kontorpluss Bok og Miljø,"nedi Vik". Follestaddalingen Solrunn vil ta vel imot deg, når du kjem innom for å kjøpe.

Om det må sendast kan heftet også bestillast hos Sogelaget via nettet. Bruk bestillingskjemaet her! Enkelt og greit.

Dette er altså årsskrift nr 8. Håper det kan vere til hyggje. Me har trykt opp eit lite lager til dei som fekk for lite tidlegare år, dei som ynskjer eldre hefte, må ta kontakt.
Me lyt dessverre innsjå at Follestaddalen Sogelag ikkje greier å gje ut årsskrift til kvar jul. Kva framtida vil vise, veit me ikkje. Men me håper me greier å gje ut nytt årsskrift til jula 2014. *EI STOR TAKK TIL ALLE SOM HAR HJELPT TIL.* ME TEK FRAMLEIS IMOT STOFF OG BILDER FOR AVFOTOGRAFERING - SOM ME GØYMER I "HUGEN" OG FOR FRAMTIDA FOR FOLLESTADDALEN.* Så vil me ynskje alle eit GODT NYTT ÅR!
Helsing oss i Sogelaget.



Frå Rebbestad i 1953.

Kvien

Foran frå v:Elfrid, Jon, Berit, Lydia Kolås.Sylvi, Reidun, Ludolf, Guri, Annbjørg Rebbestad. Bak frå v: Jostein, Oddbjørn og Anders Rebbestad.


Frå Kvia - Lauritsgarden i 1955

Kvien

stående frå v: Oli Myklebust, Olav L Myklebust, Solveig Å Revheim, Dagny Øyehaug, Lorgen, Ivar Follestad, Knut P Myklebust, Magnar Årskog, sitjande foran 3 v: ukjende. 3 sitj. Til høgre frå v: Leiv L Myklebust, Leif Årskog og Alf Follestad.



Er dugnadsånda i Follestaddalen som i gamle dagar?

Karane som eig og held vedlike Romedalsvegen, gjer iallefall sitt beste! Men kva hadde gamlekarane sagt om dei hadde sett reiskapen som vert brukt no?


Dugnad

Sjå meir her!






Kasseraren minner om årskontigenten for 2012.

Den er framleis kr.100. Om du gjer vel og betalar inn denne til lagets bankkonto nr. 3992 04 79107, så vert kasseraren vår Margrete Olaug Foldal Yksnøy, veldig glad. Men husk å skrive namnet ditt, så ho veit kven som har betalt.

Har du noko på hjertet - eller aktivitetar/tilstelningar du vil opplyse om: Bruk møteforumboka vår!

Sogelaget har no også eigen Facebook-gruppe, oppretta av Torill Nydal: Gå til Facebook

Det finst også ei Facebook gruppe som heiter "Gamle Ørsta bilete" oppretta av Nelly Perdy Øye. Denne har mange sett stor pris på.

Takk til desse aktive Folletaddalsdamene!


Aukande interesse for å ta vare på veterantraktorar i Follestaddalen! Sogelaget har derfor lyst til å arrangere ein veterantraktordag til våren.Då kan du syne fram hjartebarnet ditt! Dette kjem vi tilbake til.

Sjå her ein stolt Magne Øye med sin nyrestaurerte og nylakkerte 1959 Farmall D 217. Traktoren går som bere det, seier Magne.


Magne_med_nyrestaurert_veterantraktor Sjå oversikta over gamletraktorane i dalen her.

Les også Tor Øye sine traktorminne!

Gjennom 1950 åra og i fyrste halvdel av 60 åra bytte dei fleste Follestaddalsbøndene ut sin trufaste arbeidskamerat hesten med traktor. I denne perioden vart det utvist stor kreativitet for å modifisere gamle redskap for hest til traktorbruk. (Les mange gamle hesteredskap vart øydelagde) Historia om mekaniseringa av landbruket her i dalen er også noko vi må ta vare på.
Vi ynskjer fleire bilde av dei fyrste traktorane som kom til dalen, helst saman med eigaren.


Endå eit trivelig sogelagsmøte i matsalen på Samfunnshuset!

Torsdag 22.mars var det igjen møte for alle sogelagsintresserte. Mykje folk møtte opp, så matsalen var heilt full. Styret hadde rigga opp både ein gamal skulepult og det gamle kateteret frå gamleskulen i dalen, så folk fekk gjensyn med gamle minne. Formann Asbjørn hadde også skaffa seg ein stor peikestokk, slik gamlelærarane bruka for å dele ut ris og ros.
Hovedtema for kvelden var eit tilbakeblikk av Kari Foldal Henanger, med utgangspunkt i far hennar, Lars Foldal, sine dagbøker. Ho tok for seg kvardagshendingane i året 1948. Svært intressant å høyre Kari sine eigne kommentarer og minne. Mange takk skal du ha. Neste hovedtema var Torbjørn Urke sitt foredrag om gamle traktorar på Urke, og historiar rundt desse, saman med bilde. Utruleg kva han har samla, og veit om både det eine og andre. Han synte også bilde og fortalde om inntrykk frå ein Amerikatur i norske utvandrarområde. Interessa for veterantraktorar var stor også der. Tusen takk, Torbjørn. Ellers synte vi mellom anna også noko av det Sogelaget vårt har samla frå Follestaddalen, så vi er også godt i gang. Kaffen frå kjøkenet var like god som vanleg, saman med småkakene. Takk for triveleg møte!











På biltur til Nord Norge (Kjækan) i 1955!

bil bil

Dette var nok ein lang tur på dårlige vegar i 1955, rett ein stortur skulle vi tru. Vi ser frå venstre: Jostein Karlsbakk med sjåførhue, Sverre Øie, Solrunn Øie, g. Søvik, Johanne Øye, g. Dalen, Solveig Øie( g.med Ivar Øie, som dei besøkte i Kjækan), Hanna Øie og Alma Øie. På turen kjøyrde dei gjennom Sverige, som då hadde venstrekjøyring. (Sjå bilde 2). Overnatting undervegs i to kvite spisstelt, og matlaging på primus, slik det var vanleg den tida. Eigar av bildet: Solrunn Søvik



Klassebilde frå Follestaddalen skule 1964.

Kvien

Frå venstre: Gunnar Kolås, Anders Rebbestad, Berit Kolås, Otto Øye, Solrunn Øie, Helge Øye, Vigdis Aarsæther, Asbjørg Øye, Oddvor Follestad, Oddveig Øye, Sissel Aarsæther, Elsa Follestad. Bak står lærarinna Solveig Halse Myrvold.




Koselig gammalt bilde frå skuleplassen!.

Kvien

Her ser vi bak: Hallfrid Eiksund som var lærar på gamleskulen, saman med Åsta Kvien. Åsta var gift med lærar Knut Kvien, og dei bodde på skulen. Kvien si familie i eine enden, og Hallfrid si familie på skuleloftet. Ellers ser vi frå venstre: Berit Myklebust, g. Boyes, Anne Karin Revheim med lillesøstra Solgunn på fanget, Kirsten Kvien, som feira 10 års dagen sin denne junidagen i 1962, og Solrunn Øie, g. Søvik, som eig bildet. Namnet på den lille som Hallfrid held manglar. I bakgrunnen ser vi tunet til Halvard og Inger Foldal, med huset slik det var for ca 50 år sidan.


Sjå oversikta over traktorane her.

Les også Tor Øye sine traktorminne!

Gjennom 1950 åra og i fyrste halvdel av 60 åra bytte dei fleste Follestaddalsbøndene ut sin trufaste arbeidskamerat hesten med traktor. I denne perioden vart det utvist stor kreativitet for å modifisere gamle redskap for hest til traktorbruk. (Les mange gamle hesteredskap vart øydelagde) På bildet ser vi Ingebrikt Myklebust på sin Gråtass 1952 modell på befaring med Ørsta Kommunestyre.
Vi ynskjer bilde av dei fyrste traktorane som kom til dalen, helst saman med eigaren.


Ikkje gløym og sjå og høyr på Gamlekoret. Ei av kulturhistoriane i dalen.

Høyr koret synge.









Då fonna frå Aarsæthergjølet fyllte Kolåsfossen og elva tok nytt far mot Flatmarkstova!

Flatmark

Les meir og sjå fleire bilde av hendinga vinteren 1952/53.


Treskeverk for korn i drift fram til ca 1950 på Øy!

Treskeverk Sjå filglimt frå inspeksjonen

Det gamle treskeverket for korn er også eit minne for oss som har levd nokre år. Her ser vi Malvin Øye som inspiserar treskeverket, som no står i løa på minkfarmen. Litt vanskelig å få oversikt over tilstanden. Under krigsåra med korndyrking var nok dette godt å ha. Men når freden kom, var det ikkje mange år før det var slutt på korndyrking. Dermed var det slutt også for treskeverket. Men både Malvin og Tor Øye meiner å huske det i bruk på Fremstebøen og i Nilsgarden sommaren 1949.

Les meir og sjå fleire bilde av treskeverket her.



Her i Pål-garden var Rikstelefonstasjonen i dalen i 1955.

Myklebust Sjå eit filmglimt av Fia i Minneboka vår.(Filmopptak Petter S. Vatne)

Rikstelefonstasjon i Follestaddalen med eige sentralbord kom i 1921, i Pål-garden på Myklebust. Det opna for nye informasjoner og mellom anna dei første ”profesjonelle” og ferske vêrvarsla til dalen. Folk ringte ofte til ho Pål-Fia sentralborddame for å høyre kva slags vêrmelding ho hadde fått. Før den tid måtte folk klare seg med dei gamle verteikna. Ellers visste ho nok det meste om kva som hende i dalen. På bildet over ser vi korleis Pål-garden såg ut i 1955.(Frå frigitt Widerøe foto)

Les meir og prøv og ring på gamlemåten!



Denne bilen vart brukt til veitefyll i Follestaddalen!

bil bil

I dag angrar nok Svein Øye(67) som var eigar av denne Citroen 11 sport 1947 modell på den avgjerda. Han fortel bilen var i bruk fram til 1964, deretter avskilta, og fekk si siste reis rundt 65/66. Bilda er tatt i 1962. På lødetrappa står Helge Øye og beundrar bilen til storebror. På andre bildet står eigaren sjølv attmed bilen. Dette kan minne oss om at vi daglig kasserar noko som kan verte verdifullt med tida. Kven av oss har ikkje angra på at vi ikkje tok vare på vår fyrste bil, eller motorsykkel. Eller noko anna?


Sogelagsbilete til glede for mange!

Kubbestøylen

Vi ser her Hallvard Foldal i arbeid med å sette opp bilete frå Sogelagets arkiv, til glede for folk som ferdast i Romedalen. Dette er bilete som fortel korleis her var før i tida. Hallvard har laga treramer til desse bilda, og monterer dei opp. Vi får sjå kor lenge dei varer. Dei må vel takast ned til vinteren. Takka være Malvin Øye har vi no rundt 2000 innscanna bilete frå Follestaddalen. Vil du sjå bileta, får du ta deg ein tur til Romedalen! På Steinstøylen finst det også ei tavle med bilde som Rebbestadkarane har sett opp.



Video om setring Øyaheidane
Sjå kutt frå gamle smalfilmopptak


Om hestar og sauevasking i Follestaddalen!

Les Nils Myklebust og Noralv Langstøyl sine artiklar.





Ring på gamlemåten!



















hefte


Årskriftet for 2010 er i salg for kr. 120.- på biblioteket og Sparebanken Møre si avd. på Ørsta Torg. Dei som ikkje kan kjøpe det der, kan få det tilsendt ved å ta kontakt på asaar@tussa.com eller 70061084 / 468 298 76. Hjertelig takk til alle som har hjelpt til med årets hefte!
Helsing styret Follestaddalen Sogelag




















Frå Sogelagets arbeid:

Nils Myklebust og Malvin Øye har arbeidd med avskrift av dagbøkene frå Lars K. Foldal. Dermed kan vi gi smakebitar på nettet
av desse kulturhistoriske godbitane frå dagliglivet i dalen i tida rundt krigsåra.
Ei vanskeleg tid!
Les eit utdrag frå sumaren 1940 her.
Les eit utdrag om STORSILDFISKJE 1940 med DS ”KVITEGGEN”
Bildet nedanfor er frå Larsgarden i 1934 og vi ser:
Frå v. Ingeborg, Aslaug, Ida, Kari i vogna, Olga, Knut I i vogna Lars K, Anna, Knut L og Anne Lena alle Foldal Larsgarden















Sit du på gamal 8mm film som bør digitaliserast og bergast for ettertida?

Kontakt Tor Øye i Sogelaget.
E-mail: toroye@tussa.com

Historiske snømålingar frå 9.april 1968

Vi tykkjer alle det var ein hard vinter og ein kald vår og forsommar i 2010. Men la oss minnast tala om snømålingar frå 9. april 1968. Då var det målt 2,20 meter snø på Nossen i Ørsta, 2,10 meter på Vallabøen, 3 meter på Tvergrov i Bondalen, og heile 3,40 meter på Kolåsen. Tenk over kor folk måtte ha det med dei traktorane og reiskapa som var vanleg då.
GOD SOMMAR! Så får vi så korleis neste vinter vert!

Jonsokbryllaup


Jonsokbryllaup på Myklebust i 1965.
Gamleskulen i bakgrunnen.
Kjenner du igjen alle no 45 år seinare?



Follestaddalen Gamlekor kom igang i 1917, og sang siste gang i gravferda til Guri Halse Myklebust, ein mangeårig songar i koret. Les meir om soga til Gamlekoret i Årskrift nr.3 frå 2007. Høyr koret synge.










Ta ein rask uredigert titt i MINNEBOKA vår.

Kolåsbrua

Huskar du den gamle Kolåsbrua?

Ho vart øydelagt i ein flaum i månadskiftet august/september 1964,
fortel Mary Kolås som var der under flaumen.





I 2005 kom vi ut med vårt første årskrift. Om du aldri fekk tak i det, kan du no lese heile heftet her på nettet: Årskrift Nr.1 2005




Vi minner om årskontigenten for 2010, for dei som har gløymt det i gamleåret.

Den er framleis kr.100. Om du gjer vel og betalar inn denne no til lagets bankkonto nr. 3992 04 79107, så slepp kasseraren å sende ut innbetalingsblankettar. Men husk å skrive namnet ditt, så vi veit kven som har betalt. (Om du treng kontakt, er kasseraren Leif Karsten Øye, Follestaddalen, 6150 Ørsta. tlf.70066448)

Lokale stadnamn var viktige i eldre tider:
Dei hadde lokale namn på svært mange stader, steinar,gjøl, hamrar og så vidare. Dette var viktig for å
halde orden på teigar, rettar og plikter, for å kunne fortelje kvar hestar og kyr kunne hentast, og så vidare.
Ein god del slike lokale namn er allereide samle, og finnst tilgjengelig her på kulturnett.

Lurer du på kvar for eksempel Huldresteinen eller Jomfruhaugen i Ørsta ligg, kan du finne det ut her. Eller kva med Kyrkjevollgrova her i Follestaddalen? Du kan bruke kartet og zoome deg inn for detaljert oversikt. Dette er både intressant, lærerikt og nyttig. I Follestaddalen har vi nok mange fleire lokale namn som burde vore registrert i ei slik liste, for å verte tatt vare på for framtida.
Det er nok mange av dagens unge Follestaddalingar som ikkje kjenner til slike eldre lokalnamn. Kan du bidra med noko gjennom Sogelaget??












Les Hans Foldal sine gode Stubbar frå Follestaddalen


Det kan blåse kraftig i Follestaddalen. Les om hardversundagen i 1884.


Brev til Sogelaget med spørsmål om hjelp. Veit du noko, så kontakt han. Det er alltid kjekt å hjelpe folk.

Hei Asbjørn, Jeg skriver til deg fordi du sitter som formann i Follestaddalen Sogelag. Håper du kan hjelpe meg litt. Jeg sender med en link til et bilde som ligger på min Facebook gruppe "Follestad Family". Denne gruppen har jeg opprettet for å finne ut mere om en gren av familien min. Farmor Anna var født Follestad i Aalesund, og gift med Christian Julius Steffenssen. Anna var en av fire søstre i en søskenflokk på ni. Dette bildet fikk jeg fra Jennifer Follestad i Minneapolis i USA, og det skal vise gården i Follestaddalen der familien kommer fra. Kan du se hvilken gård dette er? Kanskje også noe mere om de som bor/bodde der? Dersom du har et navn, en e-post adresse eller lignende jeg evt. kan henvende meg til så hadde jeg vært utrolig takknemlig for det. Her finner du bildet på nettet. Med vennlig hilsen
Erling Dag Steffenssen
e-mail: erlingds@online.no























Besøk desse lokale sponsorane våre:
PA Foldal Stempelfabrikk
Foldal Sag













Ta deg ein tur til den vakre Romedalen.si webside!

Skal du lenger ut i verda? Ikkje sal hesten før du har sjekka Værmeldinga.
Sjå også Voldaveiret.no









Anna kulturnytt:

Gunnar Ellingsen er i gang med kultur og næringsoga for Ørsta

Har du bidrag, kan du nå han på
tlf.70049809 på Rådhuset, eller e-mail
gunnar.ellingsen@orsta.kommune.no









Orkanen ved årskiftet 1991/92 er også historie no:

Sjå nokre glimt frå skadane i Follestaddalen etter nyttårsorkanen. Tor Øye køyrde rundt dalen med VHS kamera 3.januar.

Det har blese i Follestaddalen før også!

Les om hardversundagen i 1884



Follestaddalen

Follestaddalen sett frå Kolåstinden. Foto: Torill Nydal
Sjå også Torill Nydal si heimeside med flotte fjellbilde

Er du ikkje heilt dreven med internett? Du kan klikke på dei fleste bilde for å få dei større!

Geiranger

To kubikksjarmørar frå Follestaddalen i Geiranger sommaren 1959

Vi ser 16-åringane Tor Øye og Magne Kolås på kvar sin Tempo 125 ccm, ved fergeleiet.
Klar for ei helg på Geiranger Campingplass!
Foto: Eli Ryste

Kjell

Nytt medlem i Sogelaget

Kjell Kolås, no busett på Majorstua i Oslo, har meldt seg inn.
Slik såg han ut i 1945. Han har noko mindre krøllar i håret i dag.


Elvebu

På sykkeltur til Myklebustsætra i 1955

Frå v: Aud Myklebust g Bjørneset, Møyfrid Myklebust g Foldal,
Randi Myklebust g Lorgen, Liv N Årsether. Kjekke gjenter!
Eigar av bildet: Møyfrid Foldal

Elvebu

"Elvebu"- der"Sætre-Birte" budde i bolkar.

Hytta står der enno - ved Harpedalselva,
tvers over vegen der minkfarmen var.
Her står ho saman med Irene Løvik,
framfor hytta si i 1954. Ho var svært glad i Øyasetra. Høyr opplesing
av dette diktet om "Selet Mitt", som ho skreiv i 1945.

Frå

Frå Sjurgarden på Myklebust i 1955

Martha og Lars Myklebust tek seg tid til ein liten pause.
Det var nok ikkje for mange av dei i onna på den tida.
.

Ellingarden

Ellingarden på Øy ca 1950

Eit svært tidstypisk bilde av gardstuna på den tida.
Ser det ikkje fredelig ut?
Sjølv om bygdevegen gjekk mellom tunet og vedahuset,
var det ikkje store biltrafikken i Follestaddalen i 1950.

Motorsykkel

Det er gildt med motorsykkel i 1960!

Dette er ein Tempo Villiers 125ccm 1950 modell.
Motorsykkel-eigar dengong: Malvin Øye.
På bildet ser vi frå v. Einar, Even og Steinar Øye.
(Eigar av bildet: Sofie Øye)

Follestaddalen

Follestaddalingar på busstur til Selje i 1947.

Frå kultursjef Jostein O. Mo har vi no fått namna på dei som er på bildet.
Takk til kultursjefen!

Vi ser f.v. Odd Øye, Lars K. Myklebust (bakom) og framom han kikar Bjørg Øye
(eller er det Anna Øye g. Sporstøl??) fram saman med Marta Myklebust (frå Vartdal).
I mørk drakt ser vi Solveig Langstøyl (g. Kolås) og bakom henne Ingeborg Foldal og Magnar Øye.
Vidare Aasbjørg Foldal (g.Dybdal), Åse Aarsæther (g. Aam) og Alf Rebbestad
(i midten bakerst) attmed ei ukjend jente. Fremst i nikkers står Jenny Andersen.
Vidare Karen Myklebust (g. Eikås), Nelly Foldal (g. Aarsæther), Inger Aarsæther (g. Foldal),
Ellen Rebbestad (g. Myklebust) og Lars P. Øye.
Sjøfør og fotograf var Knut J. Myklebust

Les denne artikkelen av Lauritz Aarsæther

Videofilmar på nettet:



Video om setring Øyaheidane
Sjå gamle smalfilmopptak

Frå billedarkivet:

(Bilde som Sogelaget legg ut må ikkje brukast i nokon kommersiell sammenheng, uten avtale med eigarane av bilda!)

Glimt frå bildearkivet (Mappe 1-50)
Glimt frå bildearkivet (Mappe 51-100)
Glimt frå bildearkivet (Mappe 101-150)

Dei fyrste traktorane i dalen:

Sjå oversikta over traktorane
løpet av 1950 åra og i fyrste halvdel av 60 åra bytte dei fleste Follestaddalsbøndene ut sin trufaste arbeidskamerat hesten med traktor. I denne perioden vart det utvist stor kreativitet for å modifisere gamle redskap for hest til traktorbruk. (Les mange gamle hesteredskap vart øydelagde)
Vi ynskjer bilde av dei fyrste traktorane som kom til dalen, helst saman med eigaren.


Artiklar:

Follestaddalen

Innsendt av Nils E. Øy
Nils L.Øye i fin stil!
Tilbakemelding frå Kultursjef Jostein O. Mo om at bildet er frå Ørstarennet i 1935. Høgstigabakken (Nupabakken) i Ørsta. Nils L Øye 18 år vann rennet og fekk damenes pokal.

Follestaddalen

Det gamle kraftverket på Myklebust
Kva kosta "støyten" frå dette kraftverket tru? Kven kan hjelpe oss om prisen?

Follestaddalen

Frå steinkjøyring til elvaforebygginga
Vi ser frå høgre: Mass-Ola (Ola A. Follestad,1896-1968), Nils O. Follestad (1888-1968) med Torsetblakka, Brauta-Jo (Jon I. Follestad,1903-1976)

Follestaddalen

Den gamle hytta under Høgkolåsen.
Originalhytta vart reist av Einar Øy i 1936. Sønene hans Jon og Nils fortel at den først vart laga som byggesett ved Prestegardsløda i Vik

Sogelaget har no ca 1700
innscanna gamle bilde!

Vi set pris på opplysningar
og tilleggsinformasjon.
Bruk gjerne dette tilbakemeldingskjemaet.













200 års oversiktskalender