Hornmusikken i dalen feirar 70 år!

Vart skipa under krigen i april 1944. Og den er framleis i full vigør, til glede for mange!


Litt historikk:

Det var Otto Myklebust og Lars E. Foldal som møttest og fann ut at ein måtte prøve og gjere noko for ungdomen i dalen. William Farre i Oslo vart kontakta om å skaffe instrument til ein hornmusikk, men der var det ikkje mykje velvilje å få. Dei trudde nemleg det var eit nazi-korps som skulle startas. Men straks dei var klar over at det var gode norske gutar det var snakk om, vart dei samarbeidsvillige. Særlig etter at det kom pakkar frå Ørsta med smør, flesk og spekekjøt.
Første året kjøpte dei 18 instrument. Sjølve korpset vart skipa først i april 1944. Lars E. Foldal stod for noteopplæringa, var instruktør, og vart den første dirigenten. Første tida vart øvingane haldne i snikkarverkstaden til Lauritz P. Myklebust.
I 1944 spelte dei på julefesten i dalen - nesten berre marsjar. Så kom fredsdagane i 1945, og dei kunne stille opp i 17.mai toget i Ørstavik - ein stas dei unge musikantane knapt hadde drøymt om.

Frå billedarkiv:

Bilde 1: Tatt 17.mai 1945, innsendt av Ragnhild Myklebust den gongen. Det var første bilde av korpset. Frå venstre ser vi Lauritz Årsæther, Olav Årsnes, Leif Lngstøyl, Otto Myklebust, Olav L. Myklebust, Anders Foldal, Petter A. Foldal, Per Myklebust, Paul Myklebust, Reidar Myklebust, Arthur Rebbestad, Magnar Myklebust, og Knut L. Myklebust. Roger Øye og Knut Petter Myklebust vart ikkje med på dette bildet. To av medlemmene har no vore med sidan starten, Paul og Olav Myklebust.
Bilde 2: Frå 1953. Vi ser framme frå venstre: Sigurd Myklebust, Johan Myklebust, Alf Einarsen, Paul Myklebust, Ivar Årsæther, Knut Petter Myklebust, Jon Lillesæter. Bak: Alf Foldal, Åge Årsæther, Per Myklebust, Knut I. Foldal, Oddvar Øye, Asle Myklebust, Otto Myklebust, Reidar Øye, Kåre Øyehaug, Olav L. Myklebust, Leif Langstøyl, Ingolf Øye, Halvard Foldal, Leif P. Øye, Gudmund Langstøyl. (Kåre Øyehaug, Ivar Aarsether og Leif P. Øye kom med i korpset i 1946)
Bilde 3: Veteranane far og son Otto og Asle Myklebust 17.mai 1984. Stramme karar! Hornmusikken var 40 år dette året.
Bilde 4: Frå 1958. Huskar du forresten namnet på løda, som no er borte?
Bilde5: Speling 25.mai 2013
Bilde 6: Her marsjerer musikken i sentrum. Dalakarane i flotte uniformer set ein ekstra spiss på 17.mai feiringa i 1976.
Bilde 7: Her et bilde frå 17.mai 1950.
Bilde 8: Musikken passserar gamle "Norrøna" bygget. Fremst ser vi Halvard Foldal.
Bilde 9:
Frå 2.juledagskonsert. Fremst ser vi to av drivkreftene i dagens hornmusikk, Margrete Homlong og Per Kåre Øyehaug.


1 <img 2 <img 3 <img 4 <img


5
<img 6 <img 7 <img 8 <img 9 <img