Frå 1950 talet og utover endra alle gardane i dalen karakter og utsjånad, i takt med mekaniseringa og driftsformene som traktorane førte med seg. Slik som vi ser under såg mange av gardane ut like etter krigen. Men tok vi vare på det vi hadde frå gamletida?


Noko av det som skjedde utover på 50 og 60 talet var at driftsbygningane vart bygde om og tilpassa silo- og tørrhøysvansing. Dei gamle låvebruene måtte fornyast slik at traktorane kom inn i løda med svanselassa. Det kom nye og større siloar, og nokre vart også mata med transportband. Det vart mindre hesjing etter kvart, det var forhaustarane som dominerte. Gamle hestereiskap vart ofte modifisert til å brukast med traktor.

Men i det store og heile var det ikkje lenger bruk for alle reiskapa som var tilpassa tida med hest: Plogane, horvene, gjødselsledane, steinsledane, landkistene, sleperivene, høyrivene, høyvendarane ("spaukemaskinene"), hakkegreva, potetopptakarane, "trolla" med tilhørande reiskap, gjødselspreiarane, slåmaskinene, høyvognene, alle hesjastaurane, buntane med hesjastreng, setrekjerrene for å kjøyre mjølk og folk med, mjelkebukkane forsvant, kvennhusa rotna ned og vart borte, mange setresel gjekk same vegen, smiene vart borte, firarstrengane forsvann, utedoane i dei gamle lødene forsvann, og so vidare.

Det skulle ryddast opp i alt det gamle "donet". Mykje vart kasta og brent. Forfattaren av dette skrivet gremmar seg endå når han tenkjer på at han som 15 åring i 1958 var med og reiv gamlestabburet på garden, fullt av gamle ting. Timberet i veggane var så godt at me måtte bruke store spett for å få det frå kvarandre.

I tida med hest brukte vi vanlegvis ca 3 veker med hesjing på ein oppdyrka 40-50 måls gard, og dalen var full av hesjar. Vi ungane måtte sjølvsagt hjelpe til både i høyonna og ellers. Vi var glade om tørrhøyet var i hus litt før skulen byrja, så vi fekk nokre dagar fri. Å trakke høylass heile dagane var ikkje alltid like kjekt. Stutthøyslått høyrde også med, her var det ofte tørking på markane med tilhøyrane såteraking om kvelden. Og så utover hausten kom potetene. Då var det potetferie frå skulen, med tilhøyrande deltakelse i det arbeidet.

Ellers var det ofte vanleg at så snart slåttearbeidet var unnagjort, var det tid for veding. Då med handemakt med bogesag og øks, og då vart firarstrengane utnytta. Ingen hadde eigne motorsager, men mange gardar hadde ein felles gardsmotor som gjekk på rundgang, f.eks. på Øy. På den tida fekk vi gratis "sagestraum" frå elverket. Frå inntaket til husa gjekk det vanlegvis ei sløyfe til løda, utanom både sikringar og målarar. Straum til trefasemotoren fekk vi ved å hekte oss direkte på strengane med bøygde kopparkrokar. Heldigvis var det sikringar i trekassa til gardsmotoren på Øy!

Det gamle sosiale livet endra seg og svann bort. Ein skulle tru folk fekk betre tid med mekaniseringa. Men tvert imot. Med den nye tida vart det mindre folk på gardane, utover på 60 talet byrja fjernsynet også å gjere seg gjeldande, og om kveldane satt folk heime kvar for seg og glante. Dei gjekk ikkje så ofte til kvarandre som før. Men det er ei anna historie..

<img <img <img <img <img <img <img

Om bilda - frå venstre:

Tunet på Lillesetra kjenner vi alle. Eit vakkert tun som minner om gamletida.Ikkje mange att av slike tun no.
Og så har vi 50 talets Aarsæther, med bygdevegen gjennom tuna og vidare framover mot Flatmark.
Oversiktsbildet av Olagarden og Nilsgarden på Øy frå 1944, er då etter at klyngetunet med Hansgarden og Hanslarsgarden er utflytta i 1938. Men slik såg dei ut etter krigen og utover til 50 talet. Vi ser buda på Nilsgarden der alle på Øy hadde felles postkasse, smia på Nilsgarden ligg oppe ved Likjelva. Olagarden si ligg i tunet, og vi ser restene etter renna over elva dei brukte mellom anna til eit eige lite likestrøms straumagregat. (Kjelde Hans Øye)
Foldalen ser du slik han var 1960, før klyngetunet også der vart utflytta.
Med hest og slede ser vi Johannes Rygh og Ivar Jalob Moene i 1944. Hestar og sledar var i vanleg bruk vinterstida. Det var også vanleg å kjøyre ut gjødsel og legge i dungar. Spreiing med handemakt heldt seg også utover i dette tiåret.
Neste bilde syner Inge Foldal etter krigen med høyvendar(spaukemaskine). Ikkje mange att av dei no.
Siste bildet syner Sigrid og Hjørdis Øye i 1955, med eit turrhøylass. Den trufaste hesten Gerd måtte gi tapt mot traktoren Kramer i 1958. Stor sorg når ho var seld - men nyetida kravde sitt!